Kraft

Kraft

Skal ein lage gode supper, sausar og gryter så kjem ein ikkje unna å koke kraft. Buljongterningar er ikkje det same og ofte smakar dei berre salt.
Ein kan finne ferdig kraft i nokre butikkar og gardsutsal. Eg kjøper sjølv ofte ferdig fiskekraft og den er god på smak. Men å koke kraft sjølv er mykje billegare og smakar vel så godt.
Framgongsmåten er omtrent den same uansett kva type kraft ein kokar. Men det er ulik trekketid for kvar råvare.

Om du lagar fiskekraft så unngå å bruke dei feite fiskesortane som laks, aure og makrel. Dei gjer at krafta får ein ganske kvalmande smak og det er ikkje spesielt godt.

 

Ingrediensar:

Bein og avskjer av fugl, kjøt eller fisk
Vatn

Valfritt:
Ein skvett syre som for eksempel eddik, vin eller sitron
Grønsaker, gjerne skrell og avskjer.
Nokre peparkorn og nokre krydderkvastar om ein har

 

Ha bein, grønsaker og eventuelt krydder i ei gryte. Hell i vatn til det dekker beina og ha i syra. Eg brukte rundt ei spiseskei eplesidereddik per liter vatn.

Varm forsiktig opp til kokepunktet og ta av skum. Det kan enten stå og småputre vidare på lav varme eller settast inn i omnen på 90 grader.

Fiskekraft kan stå inntil 2 timar.
Kyllingkraft kan stå rundt 4-24 timar, eller lenger men med fare for at det kan verte beiskt

Kjøtkraft kan stå alt mellom 4 – 72 timar
Grønsakskraft av kun grønsaker, krydder og vatn kan stå rundt 2-12 timar eller lenger alt etter kor sterk smak ein ynskjer.

Sil krafta og avkjøl. Om ein vil kan ein ta av feittlaget som hamnar på toppen. Krafta held seg nokre dagar i kjøleskapet, men enklaste er å fryse ned i passelege porsjonar.

 

Alternativ
  • For kraftigare og mørkare kjøtkraft kan beina brunast i steikeomnen på 200 grader i 15-20 minutt.
  • For nøytral kraft kan grønsaker og krydder sløyfast
  • Den ferdige krafta kan kokast inn slik at den vert meir konsentrert.

 

Tips
  • Lag heilsteikt kylling til middag og kok kraft på beina etterpå.
  • Ta vare på avskjer og skrell frå grønsaker og friske urter og legg i ein pose i frysaren. Bruk det til kraftkoking når det passar.
  • Legg bein og avskjer frå middagslaging i frysaren og kok kraft på det seinare.
  • Salt krafta når ho vert brukt slik at det vert enklare å smake til rett mengde
  • Frys ned kraft i isbitformer eller isbitposar sånn at det er enkelt å ta litt oppi ein saus eller bruk i staden for vatn i tacoen.
  • Ved bruk av Wonderbag bør krafta først ha minst ein halvtime på plata og seinare varmast opp til kokepunktet att minst kvar 12. time, elles kan krafta verte sur.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *