
Kyllinggryte med kokosmjølk
Er du ute etter ein kvardagsmiddag som både er god og rask så kan du lage kyllinggryte med kokosmjølk. Eg heilsteikjer ofte ein kylling som eg deler opp i småbitar og frys ned i porsjonar. Då har eg alltid ingrediensar til å lage denne kyllinggryta til middag når det skal gå fort eller vere enkelt. I tillegg kan eg koke kraft på skroget sånn at det alltid er kyllingkraft i frysaren til supper og sausar. Når det gjeld sterke smakar så er eg ei pingle. Derfor er ikkje denne oppskrifta spesielt sterk. Ynskjer du sterkare variant kan du doble mengda karripasta.
Denne kyllinggryta med kokosmjølk er utan egg, mjølk og gluten så lenge ein passar på å kjøpe ein red curry paste som er glutenfri.
Ingrediensar til 4 porsjonar
600 g kyllingkjøt i bitar, for eksempel kyllingbryst eller lårfilet
1 raudlauk, i bitar eller ringar
500 g ulike grønsaker eller ein pose wokblanding
2 ts karripasta (red curry paste), eg brukte den frå Santa Maria. For sterk versjon bruk 4 ts red curry paste
1 boks kokosmjølk (ikkje bruk lettvarianten)
1 ts salt
Steik kyllingen i ei steikjepanne og ta det over i ei skål. Fres raudlauken litt og ha oppi resten av grønsakene. Steik vidare til grønsakene er nesten møre. Ha i currypastaen og la den få steikje i eit halvt minutt før boksen med kokosmjølk tømmast oppi til det andre. Om kokosmjølka har skilt seg så gjer det ingenting. Det blandar seg att når det vert varmt. Ha i den steikte kyllingen og la gryta få eit oppkok. Smak til med salt før servering.
Serverast med kokt ris eller kokt pasta.
Alternativ
- Kyllingen kan bytast ut med svinekjøt.
- Raudlauk kan sløyfast eller bytast ut med gul lauk, vårlauk, purre eller sjalottlauk.
- Ha gjerne i meir grønsaker om du har noko som må brukast opp i kjøleskapet.
- Ein kan gjere bruke ferdig grilla kylling eller kylling som ein har steikt opp på førehand.
- Vil ein ha endå sterkare gryte kan ein ha i ekstra chili og kvitlauk.
Tips
- Oppskrifta kan også brukast til suppe. Då kan ein ha i litt mindre grønsaker og ha i ekstra kokosmjølk.
- Det passar godt å servere naanbrød attåt denne kyllinggryta.
- Finhakka friske urter kan vere godt å strø på toppen. For eksempel frisk koriander eller persille.
- Karripasta, red curry paste får ein kjøpt i dei fleste daglegvarebutikkar. Dei står ofte der ein finn ferdige woksausar og liknande.