
Laksewok med teriyakisaus
Teriyakisaus er ein japansk saus som passar veldig godt til laks. Eg brukar å lage laksewok med teriyakisaus og det er ein stor favoritt her i huset. Ein får kjøpt ferdig saus i dei fleste butikkar og ein kan sjølvsagt nytte den om ein vil, men eg vil oppfordre til å ta seg tid til å lage sausen sjølv. Det er det absolutt verdt smaksmessig og det går raskt å røre saman sausen på direkten.
Denne retten er naturleg utan egg og mjølk, og kan lett gjerast glutenfri ved å bruke glutenfri soyasaus.
Ingrediensar til 4 porsjonar
500 g laksefilet utan bein og skinn
1 raudlauk, i strimlar eller finhakka
500 g blanda grønsaker i bitar eller ein pose frosne wokgrønsaker
Litt smør eller olje til steikjing
Teriyakisaus:
1 dl soyasaus (tamari for glutenfri variant)
1 dl vatn
2 ss brunt sukker, eg brukte kokossukker
1 fedd kvitlauk
1 liten chili eller ein halv stor
2 cm fersk ingefær
1 ss maizena (kan sløyfast)
Start med å blande saman sausen i ei skål eller ein kopp. Finhakk eller rasp på det finaste på eit rivjern kvitlauk, chili og ingefær. Bland inn resten og la det stå og trekkje litt medan det andre gjerast klart.
Del fisken i bitar og fres han raskt i ei varm steikjepanne eller wokpanne med olje. Fisken skal ikkje verte gjennomsteikt, men berre få ei lita steikjeskorpe. Ta laksen over i ei skål og set til side. Ha lauken over i steikjepanna og la han surre i rundt eit minutt før resten av grønsakene også går oppi steikjepanna. Ha laksen attende i steikjepanna når grønsakene er så vidt møre. Rør opp sausen og tøm han over i steikjepanna. La det få eit oppkok under forsiktig røring og la det putre i eit par minutt.
Server med kokt ris.
Alternativ
- For glutenfri variant kan ein bruke glutenfri soyasaus (tamari).
- Laksen kan bytast ut med kylling eller svinekjøt i bitar.
- Risen kan bytast ut med nudlar eller pasta.
- Ein kan nytte tørka variantar av chili, ingefær og kvitlauk som ein får kjøpt i krydderhylla. Då treng ein rundt ei teskei av kvar sort, men det er lurt å smake seg litt fram.
- Brunt sukker kan bytast ut med kvitt sukker, rårørsukker, lønnesirup eller sukrin gold.
- Raudlauk kan bytast ut med gul lauk, purre, vårlauk.
- Ein kan godt nytte frosen laks og det er ikkje farleg om han ikkje er skikkeleg tint heller.
- Sausen kan kokast på førehand og setjast klar i kjøleskapet. Han held seg i rundt ei veke.
- Vatnet kan godt vere varmt. Då løyser sukkeret seg lettare opp i væska.
- Ein kan bruke kraft i staden for vatn.
Tips
- Laksewok med teriyakisaus er ein fin rett å bruke opp det ein har liggande av grønsaksrestar i kjøleskapet.
- Om ein har restar av steikt kjøt eller steikt laks kan ein nytte det. Då har ein dette oppi heilt til slutt slik at det kun vert varma opp.