
Mjølkefri iskaffi
Om sommaren går det ein del iskaffi for min del og det er ikkje alltid eg får tak i mjølkefri iskaffi. Heldigvis er det relativt enkelt å lage sjølv og i tillegg mykje billegare. Det krever nesten ikkje arbeid utover å sørge for at det er isbitar i frysaren. Eg frys ofte ned kaffirestar i isbitformer og har desse i iskaffien.
Kva type mjølk ein likar er litt opp til den enkelte. Eg tykkjer at mandelmjølk og dei fyldige variantane av havremjølk til å lage kaffidrikkar er best. Enten Gryr fyldig havremjølk eller ikaffe frå Oatly (NB! havremjølka til Oatly er ikkje heilt glutenfri)
Ingrediensar til eit stort glas
1-2 koppar espresso eller 1 dl sterk kaffi
2-3 dl valfri mjølk
isbitar
Bland alt i ein shaker eller eit glas med lok, og rist det raskt saman. Server i eit høgt glas, gjerne med sugerør.
Alternativt kan ein ha isbitar og mjølk rett i eit glas, tømme espressoen over og røre rundt eit par gongar.
Alternativ:
- Ein kan sjølvsagt nytte vanleg mjølk eller laktosefri mjølk om ein toler det.
- Rør litt sjokoladesaus eller karamellsaus inn i espressoen medan den er varm for ein mokka- eller karamellvariant.
- Ha i litt vaniljesukker eller vaniljepulver for litt vaniljesmak.
- Eit par steviadråpar med karamellsmak gir ekstra søtsmak.
- Frys ned kaffi i isbitformer og bruk i staden for isbitar. Då kan ein også sløyfe kaffien eller ha i halv mengde med kaffi.
- Kokosmjølk kan brukast om ein ynskjer kokossmak på iskaffien.
- Ein får kjøpt espresso som pulverkaffi. Den kan ein blande ut i ganske lite vatn for å få sterk kaffismak.
Tips
- Ha alle ingrediensane i ein blender så vert det frappè. Dette fungerer veldig bra om ein har frose kaffi som isbitar. Då kan ein godt byte ut delar av mjølka med fløyte eller kokoskrem for at det skal verte skikkeleg fyldig.
- Ein kan ha ingrediensane til mjølkefri iskaffi i ein termokopp så held det seg kaldt lenge sånn at ein kan ta det med seg på tur.