Kakao uten melk

Mjølkefri kakao

Mjølkefri kakao er så enkelt at ein eigentleg klarar seg fint utan oppskrift. Det finst mange måtar å lage det på og ein kan variere med ulike smakstilsettingar. Det mest lettvinte er for eksempel å varme ein eller annan type plantemjølk og røre inn O’boy-pulver. Varm sjokolade kan ein lage ved å smelte kokesjokolade og røre inn varm mjølk. Men desse variantane vert fort i søtaste laget for meg så eg likar best kakao som er laga med kakaopulver.

Eg pleier å ta utgangspunkt i oppskrifta på kakaopakken frå Freia og min absolutte favoritt er å bruke bakekakao. Då vert det ein kraftigare kakaosmak og det er nydeleg med ein stor klatt piska mjølkefri krem på toppen. I tillegg vert det eit hint av karamellsmak ved å bruke brunt sukker eller kokossukker. Ein kan sjølvsagt bruke vanlege mjølkeprodukt eller laktosefrie mjølkeprodukt om ein toler det.

 

Ingrediensar til 1 liter kakao (5-6 koppar)

4 toppa ss bakekakao (eller vanleg kakao)

5 ss kokossukker (eller brunt sukker)

1 liter valfri mjølk (eg brukte glutenfri havremjølk)

Piska mjølkefri fløyte (eg brukte Gryr frå Sunniva)

 

Bland saman kakao og sukker i ei kaserolle. Ha i mjølka og kok forsiktig opp til kokepunktet under omrøring.

Pisk fløyten. Server i krus med ein klatt krem og gjerne litt kanel eller riven sjokolade på toppen.

 

Alternativ:
  • Alle typar mjølk kan nyttast. Rismjølk, mandelmjølk, soyamjølk eller andre plantebaserte alternativ. Om ein ikkje treng at det skal vere glutenfritt så vert resultatet med Oatly ikaffe veldig bra.
  • Lag kakao enten berre med kokosmjølk eller halvparten kokosmjølk om du likar kokos. Det vert ein litt annan smak og kakaoen vert  fyldig og ganske mettande
  • Smak til om det treng meir søtt. Det er litt ulikt kor søte dei ulike mjølketypane er.
  • Rått kakaopulver kan også nyttast. Den er litt meir bitter så då kan det vere at ein må bruke litt meir sukker.
  • Rør inn eit par skeier med kollagenpulver for meir næring.
  • Om ein likar kokos så går det fint å piske kokoskrem (det harde på toppen av kokosmjølk som har stått over natta i kjøleskapet) og bruke dette som krem på toppen.
  • For sukkerfri variant så kan ein nytte same mengde Sukrin Gold eller andre variantar som søtar tilsvarande 4 ss sukker.

 

Tips:
  • Mjølkefri kakao er perfekt å ha på termos på tur. Ta med den piska kremen i ein brødpose og klipp av det eine hjørnet. Ha dette opp i ein ny pose og putt i sekken. Då er det enkelt å få ut krem rett i koppen utan altfor mykje utstyr.
  • Lag appelsinkakao ved å ha oppi safta av ei appelsin.
  • Lag chilikakao ved å ha i ei klype chilipulver.
  • Det er ei lita gruppe på Facebook for tips og oppskrifter utan egg, mjølk og gluten.

 

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *