Mjølkefri riskrem

Eg toler mjølkeprodukt dårleg og må lage mjølkefri riskrem til dessert på julaftan. Ein kan koke grauten kvelden før og lage sjølve riskremen tidleg på dagen sånn at ein slepp å stå med det midt oppi middagslaginga. Pass på å ikkje koke grauten for mykje sånn at det framleis er litt tyggemotstand i riskorna.

Dersom du toler mjølkeprodukt kan du sjølvsagt bruke same oppskrifta med vanleg mjølk og kremfløyte, eller dei laktosefrie alternativa om du treng det.

Ikkje alle sortar plantebaserte mjølkevariantar er like gode å koke graut med. Eg tykkjer at vanleg havremjølk med 1,5% feitt er grei, men dei er stort sett ikkje glutenfrie og kan ikkje serverast til nokon med cøliaki. Må det vere glutenfritt så kan ein nytte soyamjølk. mandelmjølk, kokosmjølk eller ei blanding av desse. Eventuelt kan ein blande Gryr sin fløyte med vatn eller ein av dei tynnaste plantedrikkane.

Det finst fleire piskbare fløyteerstatningar. Nokon av dei er tilsett sukker og/eller vanilje. I så fall kan ein sløyfe det frå oppskrifta. I tillegg er det ulikt kor mykje krem det vert etter pisking så det kan hende det held å bruke litt mindre fløyte.

Tykkjer du forresten at kremen har metallsmak somme tider? Det kan komme av at fløyten har vorte piska for hardt. Prøv med litt lavare fart på miksaren neste gong og kjenn etter om det gjer susen.

 

Ingrediensar til 6-8 solide porsjonar

500 g ferdig avkjølt risgraut kokt med plantemjølk, eg brukte havremjølk

2 dl mjølkefri fløyte som kan piskast, eg brukte Gryr

1 ss sukker, eg brukte rårørsukker

1 ts vaniljepulver eller vaniljesukker (kan sløyfast)

 

Pisk den mjølkefrie fløyten til krem saman med sukker og vaniljesukker. Vend forsiktig inn den kalde grauten litt og litt med ein slikkepott til grauten er jamnt fordelt i kremen. Ha riskremen over i ei serveringskål og sett ho kjøleskapet fram til servering.

Serverast med raud saus.

 

Alternativ
  • Det finst ulike alternativ til piskbar mjølkefri fløyte. Ein kan også bruke kokoskrem (det harde på toppen av ein boks kokosmjølk) sjølv om dette vert litt meir kompakt og riskremen får ein liten kokossmak.
  • Sukkeret kan bytast ut med honning, lønnesirup eller anna søtt.
  • For sukkerfri riskrem kan ein bruke same mangde sukrinmelis.
  • Ein kan justere kor mykje graut ein vil røre inn i kremen etter kva ein likar. Konsistensen vert fastare dess meir graut ein har i.

 

Tips
  • Server riskremen med heimelaga saus. Eg har tidlegare lagt ut oppskrifter på jordbærsaus og bringebærsaus.
  • Nokon tykkjer at det er godt med karamellsaus eller salt karamellsaus på riskrem som eit alternativ til den raude sausen.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *