Moltesaus til riskrem

Ofte står valet mellom riskrem og moltekrem til dessert i jula og i fjor gjekk eg for å kombinere desse ved å lage ein moltesaus til riskremen. Eg tykte at det vart veldig godt og at det passa bra saman. Det vart det beste frå begge dessertane samla. Spesielt fint å kunne justere kor mykje moltesmak ein vil ha sjølv etter kor mykje saus ein har på. I tillegg er steinane sila av som enkelte set veldig pris på.

Ynskjer du heller raud saus på riskremen kan du prøve oppskriftene på enten jordbærsaus eller bringebærsaus. 

Det er ikkje så nøye med å bruke eksakte mål i denne oppskrifta fordi bæra kan vere ulike frå gong til gong. Nokon gongar er dei surare eller innheld meir saft. Derfor er det lurt å justere litt undervegs. Sausen vert også tjukkare når han vert kald.

 

Ingrediensar til omtrent 5 dl ferdig saus

550 g molter

0,5 dl vatn

125 g sukker

1-2 ss sitronsaft (smak til)

 

Ha molter, vatn og sukker i ei kasserolle og la det koke forsiktig opp. La det stå på svak varme til bæra har byrja å bli mjuke og sleppe væske. Det kan ta 15-20 minutt. Køyr blandinga jamn med ein stavmiksar eller hell blandinga opp i ein blender eller ei kjøkkenmaskin. Sil sausen gjennom ei sikt. Bruk ei skei eller ein slikkepott til å røre rundt slik at all væska går gjennom og berre steinane er att. Kast steinane i matavfallet og avkjøl sausen. Smak til med meir sukker og sitronsaft undervegs om det trengst.

Sausen held seg nokre dagar i kjøleskapet og kan frysast.

 

Alternativ
  • Sukkeret kan bytast ut med anna søtt.  Til dømes lønnesirup, rårørsukker eller honning. Då er det lurt å starte med halvparten og smake seg fram.
  • Ved å ha i eit lite dryss kanel, vanilje eller andre julekrydder vert det ein krydra variant. Smak i så fall til sånn at det ikkje vert veldig dominerande. 
  • Vil du ha tjukkare saus kan du røre inn ei skei potetmjøl som er løyst opp i litt vatn og la det koke opp.

 

Tips
  • Lag stor porsjon og frys ned til å ha moltesaus til is seinare.
  • Moltesaus passar også godt til å ha på yoghurt og gjerne med heimelaga granola til. 
  • Bytt ut riskremen med byggrynskrem om du vil ha ein meir kortreist variant. 

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *