
Om Solgåva
I mange år har eg sendt oppskrifter rundt til familie, vener og kjende. Det vart etter kvart ganske uoversiktleg for både meg og mottakarane. I tillegg har eg nok til tider vore temmeleg ivrig og bombardert enkelte i overkant med oppskrifter og tips. Derfor kom ideen om å lage ei nettside der eg kan samle alle oppskriftene mine på ein stad og dette har vorte ein fin hobby for meg. Sunniva tyder solgåve og er grunnlaget for namnet.
Det meste vert laga frå grunnen og det er stadig utprøving av nye idear og oppskrifter. Det viktigaste er at det smakar godt og at det treng ikkje å vere så komplisert. Eg bakar ein del med surdeig og då som oftast på ein enkel måte.
Eg toler ikkje mjølk og i kretsen rundt meg er det fleire med ulike allergiar og intoleranser. Derfor er ein del av oppskriftene tilpassa dette. Det er ikkje alltid like enkelt å vite kva ein skal servere når ein får ein allergikar på besøk, spesielt om ein ikkje har erfaring med den type mat. Eg håpar derfor også å kunne vere ei hjelp til deg som ynkjer å lage mat som både er god og som alle kan ete.
I det siste har eg utdanna meg til kosthaldsrettleiar og har teke fleire kurs for å styrke kompetansen i mellom anna matintoleranse og SIBO.
Bruk gjerne oppskriftene som inspirasjon og lag din eigen vri. Eg tykkjer det er kjekt å sjå at oppskriftene er i bruk så tagg meg gjerne om du legg ut bilete av det du lagar. Ynskjer du derimot å publisere sjølve oppskriftene så set eg pris på om du viser til sida. Alle bileta er mine og kan ikkje brukast av andre utan at eg er samd i det.
Legg gjerne att ein kommentar og eg vert veldig takksam om eg får ei melding dersom noko er feil eller manglar i oppskriftene, virkar uklart eller har skrivefeil.
Ynskjer du kontakt med meg kan du sende meg ein e-post til sunniva@solgava.no eller sende ei melding via Instagram eller Facebook.
Med helsing Sunniva Bakkebø