Bakt fiskegryte

Omnsbakt fiskegryte

Å lage omnsbakt fiskegryte er ein enkel og god måte å lage fisk på og denne oppskrifta passar godt som kvardagsmiddag. Eg lagar stort sett forma klar kvelden før og set i kjøleskapet. Då brukar eg som oftast frosen fisk som eg let litt tine på benken medan eg gjer klar grønsakene.

 

Oppskrifta er glutenfri og kan lagast utan mjølk om ein nyttar plantebasert smør.

 

Ingrediensar til 4 porsjonar

3 gulrøter i litt tynne bitar
1 fennikel i tynne skiver
1 liten purre i strimlar eller ringar
250 g beinfri torskefilet i bitar
250 g beinfri laksefilet i bitar
4 ss smør
2 ts sitronsaft (kan sløyfast)
2 ts salt
litt pepar

 

Bruk ei eldfast form med lok eller bruk aluminiumsfolie om du ikkje har lok til forma. Ha gulrøtter, fennikel, og purre i forma og legg fisken på toppen. Dryss på salt og pepar. Legg klattar med smør rundt fisken og drypp sitronsafta over.
Ha på loket på forma og sett i omnen. La det stå i rundt 40 minutt (eller til gulrøtene er ferdige) midt i omnen på 180 grader. Bruk gjerne varmluft.

 

Alternativ
  • Bytt ut torsk og laks med andre fisketypar.
  • Grønsakene kan varierast etter smak eller det ein har i kjøleskapet.
  • For mjølkefri variant så kan ein bruke mjølkefritt smør.
  • For ein meir krema variant kan ein ha i eit par skeier creme fraiche eller litt kremfløyte.

 

Tips
  • Ein kan lage omnsbakt fiskegryte i porsjonspakkar i aluminiumsfolie i staden for i eldfast form.
  • Ha på godt med salt på fisken og la det stå i rundt 15 minutt og skyll av saltet i rennande vatn. Då vert fisken fastare og dett ikkje så lett frå kvarandre. Det kan vere lurt å redusere litt på saltet i oppskrifta om ein brukar denne metoden.
  • Potetstappe, kokte poteter eller pasta passar godt attåt.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.