Omnsteikte rotgrønsaker

Omnsteikte rotgrønsaker

Om hausten når dei norske grønsakene er i sesong vert det omnsteikte rotgrønsaker til middag opptil fleire dagar i veka. Det er utruleg godt og enkelt å lage. Det passar også til det meste av steikt mat. Ofte kan ein ha fisk eller kjøt saman med grønsakene i omnen den siste tida så har ein ferdig middag i same forma. Det er forresten nydeleg med rømmedressing eller aioli attåt omnsteikte grønsaker.

Det er ikkje så nøye å følge måla i denne oppskrifta. Bruk dei grønsakene du likar eller har tilgjengeleg. Det viktigaste er at grønsakene vert kutta i bitar som gjer at dei vert ferdige omtrent på same tid.

 

Ingrediensar til 4 personar

Rundt 1,5 kg ulike rotgrønsaker

Eg brukte:

3 raudbetar

2 gulbetar

1 stor polkabete

1 lita sellerirot

2 store pastinakkar

2-3 ss smør eller olivenolje, eg brukar stort sett smør

2 ts tørka timian

1 ss salt, eg brukte Maldonsalt

 

Skrell og del alle rotgrønsakene i nokolunde like store bitar. Ha grønsakene i ei eldfast form eller ei langpanne. Ha på smør/olje, krydder og salt. Bland det litt saman. Eg brukar som oftast å legge på smøret med ostehøvel.

Steikjast midt i omen på 180 grader i rundt 40 minutt eller til grønsakene er møre. Rufs litt i grønsakene av og til undervegs.

 

Alternativ
  • Timian kan bytast ut med andre sortar krydder. Rosmarin eller berre pepar fungerer fint.
  • Omnsteikte rotgrønsaker kan lagast av dei fleste sortar rotgrønsaker så lenge dei er delt opp i ganske like store bitar. Lauk i båtar er også godt saman med grønsakene.
  • Bruk gjerne varmluft for litt meir steikjeskorpe på grønsakene.

 

Tips
  • Ha kyllingfilet delt i store bitar oppå grønsakene dei siste 10 minuttane.
  • Ha bakepapir i forma for å sleppe at det svir seg fast.
  • Vert det restar er dei gode å ha i omelett.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *