
Oreokuler utan egg, mjølk og gluten
Oreokuler er ein ganske mektig konfektbit som ein ikkje orkar veldig mange av. Oppskrifta fann eg på Det søte liv og har tilpassa til allergivennleg versjon. Det passar godt til julesnop eller i påskeegget.
Allergivennlege oreokjeks og vegansk kremost kan ein finne i allergihylla i mange daglegvarebutikkar eller hos helsekosten.
Ingrediensar til rundt middels store 40 kuler
250 g glutenfrie oreokjeks utan mjølk og egg, eg brukte Double coookie frå Coppenrath
100 g mjølkefri kremost naturell, eg brukte kremost frå Violife
200 g sjokolade utan mjølk, eg brukte coop mørk kokesjokolade
2 ts kokosolje eller delfiafeitt
Knus kjeksa, gjerne i kjøkkenmaskin, og bland inn kremosten. Sett blandinga i kjøleskapet i rundt ein halvtime sånn at konsistensen vert litt fastare. Trill kuler og sett dei i frysaren i minst ein time. Smelt sjokoladen og feittet og rør til det er jamnt. Dypp kulene i den smelta sjokoladen og sett dei attende i frysaren eller i kjøleskapet. Kulene bør stå kaldt eller ligge i frysaren.
Alternativ
- Trengst det ikkje å vere glutenfritt så kan ein nytte vanlege oreokjeks
- Skal de kun vere laktosefritt så kan ein nytte laktosefri kremost for eksempel laktosefri Philadelphiaost.
- Ein kan sjølvsagt nytte vanleg kremost og sjokolade om det ikkje treng å vere mjølkefritt.
- Sjokoladen kan bytast ut med kvit sjokolade for å få lyse oreokuler.
Tips
- Bruk oppskrifta til å lage cakepops ved å sette kulene på ein pinne.
- Rull kulene i kakestrøssel.
- Det er ei lita gruppe på Facebook for tips og oppskrifter utan egg, mjølk og gluten.