
Pannekaker utan egg, mjølk og gluten
Allergivennlege pannekaker utan egg, mjølk og gluten som utruleg nok smakar omtrent som vanlege. Det virka nesten umogeleg og det vart mykje prøving og feiling før eg til slutt vart nøgd med resultatet. Desse er litt grove for at dei skal mette litt meir sidan dei er utan egg.
Prøv gjerne oppskrifta på vaflar utan egg, mjølk og gluten som også er enkel å lukkast med.
Ingrediensar til 10-12 pannekaker
1,5 dl bokkveitemjøl
1 dl maismjøl (ikkje maizena)
1,5 dl valfritt glutenfritt mjøl. eg brukte Toro lys mjølblanding
1 ss sukker (kan sløyfast)
1 ts salt
1,5 ts bakepulver
0,5 ts fiberhusk
2 ts tapiokastivelse (kan sløyfast)
4 dl valfri mjølk
2-3 dl vatn
1 dl smelta mjølkefritt smør eller flytande mjølkefritt margarin
Bland saman det tørre og ha i væska. Rør godt slik at røra vert klumpfri.
La røra stå og svelle i minst 30 minutt. Om røra er litt tjukk så ha i litt meir vatn. Steik tynne pannekaker på middels temperatur og snu dei veldig forsiktig slik at dei ikkje revnar. Dei fleste pannekaker utan egg, mjølk og gluten er nokså skjøre og må handterast litt meir forsiktig enn vanlege pannekaker.
Alternativ
- Om det ikkje treng å vere glutenfritt så kan fiberhusk og alt mjølet bytast ut med fint speltmjøl eller kveitemjøl
- Vanleg mjølk og smør kan nyttast om det ikkje treng å vere mjølkefritt
- Tapiokastivelsen kan sløyfast men då vert pannekakene litt lausare. Alternativt kan ein bruke potetmjøl eller «NoEgg» rørt ut i litt vatn. Tapiokastivelse eller tapiokamjøl får ein kjøpt i helsekostbutikkar, internasjonale butikkar eller på nettet som f.eks iherb.
- Mjølet kan bytast ut med andre typar glutenfritt mjøl men det kan gå utover både konsistens og smak sånn at ein bør i så fall prøve seg fram med mengda.
Tips
- Server med steikt bacon og blåbærsylte
- Sløyf sukkeret i røra og fyll pannekakene med sennep, salat og skinke
- Pannekakene kan også fyllast med smør og sukker eller piska krem og bær for ein dessertvariant.
- Det er ei lita gruppe på Facebook for tips og oppskrifter utan egg, mjølk og gluten.