Personvern og bruksvilkår
Denne personvernerklæringa skildrar korleis Solgåva Sunniva Bakkebø (org.nr. 834 835 452) handsamar personopplysningar. Her står det kva personopplysningar som vert lagra og korleis vi handsamar dei.
Sunniva Bakkebø er ansvarleg handsamar av personopplysningar og kan kontaktast på e-post sunniva@solgava.no.
Personvernerklæringa gjeld for nettstaden https://solgava.no
Informasjon som vert samla inn og handsama
Ved å bruke denne nettstaden kan du bli beden om å gje frå deg informasjon og personopplysningar. Det kan skje gjennom registrering i skjema, tinging av produkt eller tenester, påmelding e-postliste, kommentarar på nettsida eller via meldingar på sms, e-post og i sosiale medium. Det kan også forekomme andre former for kommunikasjon kor det kan vere naudsynt å be om informasjon frå deg.
Vi kan samle inn desse opplysningane:
- Namn, adresse, fødselsdato, telefonnummer og e-postadresse.
- Betalingsinformasjon for kjøp av produkt eller tenester. Transaksjonsoversikt og betalingsmiddel.
- Brukaropplysningar og historikk om korleis du brukar nettsida vår, elektronisk kommunikasjon eller tenestene våre.
- Tekniske opplysningar, som IP-adresse, type nettlesar, språk, operativsystem, eining og kva nettadresse du brukte for å komme inn på nettsida vår.
- Konto og profilinformasjon. Innstillingar og preferansar.
- Andre opplysningar som spørsmål og svar i skjema.
Korleis opplysningane vert handsama
- For å levere produkt og tenester
- For å sende informasjon og kundekommunikasjon
- For å forbetre tenestene våre og tilby ein betre brukaroppleving
- For å oppfylle lovpålagde krav.
Informasjonskapslar (Cookies)
Denne nettstaden brukar informasjonskapslar, også kalla Cookies. Ein informasjonskapsel er ei tekstfil som vert lagra i nettlesaren på dataeininga di. Ved å bruke nettstaden gir du samtidig samtykke til at det kan settast inn ein informasjonskapsel i nettlesaren din. Informasjonen vert brukt til å gjere brukaropplevinga på nettstaden betre. Det vert ikkje lagra informasjon som kan identifisere deg personleg. Dømer på informasjon som vert lagra er type nettlesar, operativsystem, klikk på sider, IP-adresser og liknande.
Dersom du ikkje ynskjer at informasjonskapselen skal lagrast kan du når som helst gå inn i innstillingane i nettlesaren din og endre dette. På nettvett.no finn du oppskrift på korleis du styrer dette i dei mest brukte nettlesarane. Vi gjer deg merksam på at ved å endre denne innstillinga kan det hende at enkelte nettstadar ikkje lenger fungerer optimalt.
Dine rettar
Du kan når som helst kontakte oss på e-post for å utøve nokon av rettane dine. E-postadressa står nedst på denne sida.
Du har rett til:
- Innsyn i opplysningane vi har om deg
- Retting av feil eller manglar
- Sletting av opplysningar når dei ikkje lenger er naudsynte. Vi gjer deg merksam på at det kan hende at nokre opplysningar må vi likevel halde att for å overhalde andre rettslege plikter som til dømes bokføringslova.
- Å protestere mot visse typar behandling av opplysningar
- Dataportibalitet, som inneber å få opplysningane dine overført til ein annan aktør.
Meir om GDPR
Om du ynskjer å lese meir om om GDPR og gjeldande regelverk i EU/EØS finn du det på nettsida https://www.gdpreu.org
Klagerett
Personvernregelverket skal verne enkeltpersonar mot at personopplysingar blir handsama på en måte som krenkar personvernet. Dersom du meinar at vi ikkje held oss innanfor regelverket kan du ta kontakt med oss på e-postadressa som står nedanfor. Du kan også sende klage direkte til Datatilsynet.
Vi kan kontaktast på e-post til sunniva@solgava.no
Sist oppdatert 14.1.2025