
Pizzasaus
Heimelaga pizzasaus er veldig lett å lage og det er absolutt verdt å ta seg bryet med å lage pizzasausen frå grunnen. Mesteparten av tida går med til at sausen står og putrar på plata. Eg lagar alltid opp ein stor porsjon og frys ned i små beger slik at vi har eit lite lager klart til å lage surdeigspizza seinare.
Ein treng ikkje følge måla i oppskrifta nøyaktig og har ein nokre grønsaker som treng å verte brukt opp er det supert å putte dei i ein heimelaga pizzasaus. Oppskrifta kan også brukast som tomatsaus til pasta, kjøtbollar eller gryter.
Ingrediensar
2 ss smør eller olje
1 liten sjalottlauk eller 1/2 halv lauk, finhakka
1 fedd kvitlauk, finhakka
1-2 ss tørka oregano (smak til)
1 ts tørka basilikum
1/2 ts tørka salvie (kan sløyfast)
1-2 ts salt
1/2 ts pepar
2 ss tomatpurè
1 kartong hakka tomatar, eg brukte ein som inneheldt 390 gram
1 ts sukker, eg brukte rårørsukker (kan sløyfast)
Evt 1/2 raspa gulrot for tjukkare saus
Ha smør eller olje i ei kasserolle og varm opp til middels varme. Ha i finhakka lauk og kvitlauk. La det surre nokre minutt til lauken er blank. Ha i krydderet og tomatpurè og la det bli varmt. Ha i hakka tomatar, sukkeret og eventuelt gulrot. Kok opp og la sausen stå og småkoke i 10-20 minutt eller til han er passe tjukk. Smak til med eventuelt meir krydder, salt eller sukker. Bruk stavmiksar om du ynskjer at sausen skal vere heilt glatt i konsistensen.
Alternativ
- Krydderet kan sløyfast eller bytast ut med andre sortar.
- Ha gjerne i ein finhakka halv chili for litt ekstra sting i sausen.
- Sjalottlauken kan bytast ut med gul lauk, purre, raudlauk eller vårlauk.
- Bruk gjerne friske urter. Desse bør i så fall vente til pizzasausen har stått halve koketida.
- Vert sausen veldig tjukk kan ein spe med litt vatn eller kraft.
- Sukkeret kan bytast ut med anna søtt som lønnesirup eller kokossukker
Tips
- Doble eller triple oppskrifta og frys ned i porsjonar.
- Sausen kan også nyttast som pastasaus, til lasagne eller som base til tomatbaserte gryter.


