
Potet- og purresuppe
Når det er kaldt ute er det lite som slår ei skål med varm og mettande potet- og purresuppe. Det er relativt raskt å lage og er billeg. Ein kan ete suppa slik som ho er eller ha mykje godt på toppen. Min favoritt er steikte pølser og rista graskarkjerner.
Suppa er naturleg glutenfri og utan egg. Ein får mjølkefri potet- og purresuppe ved å bruke plantebaserte alternativ til fløyte eller mjølk.
Ingrediensar til 3 store porsjonar
1 stor purre eller 2 små
1 fedd kvitlauk (kan sløyfast)
350 g mandelpoteter eller annan sort poteter som ikkje er kokefaste
6 dl kraft
2 ss creme fraiche eller fløyte
2 ts salt
1/2 ts pepar
1-2 ss smør til steikjing
Finnhakk kvitlauk og del purren i ringar. Skrell potetene og kutt dei opp i terningar.
Ha smør i ei kaserolle og varm opp til middels temperatur. Ha i kvitlauk og purre og la det surre nokre minutt til purren vert mjuk. Ha i potetbitane og krafta. Kok opp og la det småkoke til potetene er møre. Jamn suppa ved å bruke stavmiksar eller tøm suppa over i ein blender og køyr til det er nokolunde utan klumpar. La suppa få eit nytt oppkok under omrøring. Ha i creme fraiche og smak til med salt og pepar.
Alternativ
- For laktosefri variant kan en nytte laktosefri creme fraiche.
- Om suppa skal vere mjølkefri kan ein steikje i mjølkefritt smør eller olje og bruke mjølkefri matfløyte eller mjølk. Eg har sjølv laga suppa med både Gryr sin fløyte, havremjølk og med havrefløyte (havrefløyte er ikkje glutenfritt). Kokoskrem eller feit kokosmjølk kan også nyttast. Bruk gjerne litt sitronsaft i tillegg for å gjere suppa litt friskare.
- Krafta kan bytast ut med buljong, fond eller andre ferdigkjøpte løysingar.
- Purre kan bytast ut med vårlauk.
- Bruk nokre sitrondråpar om suppa ikkje er frisk nok etter din smak.
- Dersom suppa vert for tjukk så spe med litt mjølk, kraft eller vatn.
Tips
- Topp suppa med for eksempel steikt laks, spekeskinke, steikte pylsebitar, steikt kylling i bitar eller rista graskarkjerner.
- Friske urter er veldig godt å strø på toppen. Timian, graslauk eller persille er gode alternativ.
- Potet- og purresuppe passar godt som forrett. Då kan ein rekne litt mindre per porsjon, kanskje rundt 2/3.
- Server godt brød attåt.