Potetgrateng med bacon og sopp

Potetgrateng med bacon og sopp

Eit alternativ til gratinerte poteter er potetgrateng. Den kan også vere eit måltid for seg sjølv eller serverast attåt det meste av steikt mat. Denne oppskrifta er med bacon og sopp, men ein kan putte oppi ulike typar kjøt og grønsaker etter kva ein har og likar.

Det er lurt å bruke ein kokefast potetsort, eg brukte Asterix. Om ein nyttar mjølne poteter som for eksempel mandelpotet vil det fort bli ganske grautete.

 

Oppskrifta er glutenfri og kan gjerast mjølkefri om ein nyttar plantebasert fløyte.

 

Ingrediensar til 4 personar

600 g kokefaste poteter⠀
100 g bacon i terningar (kan sløyfast for vegansk variant)⠀
2 middels store sjampinjongar i terningar⠀
1 fedd kvitlauk⠀
3 dl fløyte⠀
¼ ts svart pepar⠀
1 ts salt⠀

Steik sopp og bacon. Skrell potetene og del dei i tynne skiver. Legg potetene i ei eldfast form og fordel utover bacon og sopp. Finhakk kvitlauken og bland inn i fløyten saman med salt og pepar, og tøm blandinga over potetene. Press gjerne potetene litt ned i fløyten med ei skei sånn at dei ikkje vert svidde på toppen.
Steikjast midt i omnen på 180° C i rundt 50 minutt eller til potetene er møre.⠀

 

Alternativ
  • For laktosefri variant så kan ein nytte laktosefrie mjølkeprodukt.
  • Om ein nyttar mjølkefri fløyte så vert det mjølkefri potetgrateng.
  • Strø gjerne over riven ost eller smuldre fetaost over for gratinering av potetgratengen.
  • Om ein ynskjer litt meir grønt kan ein ha nokre nevar fersk spinat i forma.
  • Bacon kan sløyfast eller bytast ut med spekeskinke eller pepperonipølse i bitar.
  • Er potetene fine i skalet kan ein droppe å skrelle dei og heller vaske dei godt før bruk.

 

Tips
  • Potetgrateng kan serverast til det meste av steikt mat. Det er nydeleg til for eksempel steikt laks, pølser, vilt, lamb eller kotelettar.
  • Server potetgratengen saman med ein god salat og focaccia eller rundstykkjer.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *