
Quinoasalat
Om sommaren lagar vi ofte ei stor skål med quinoasalat og har attåt grillmaten i eit par dagar. Denne salaten kan også vere eit godt allergivennleg alternativ på kaldtbordet. Har ein i bitar av kylling og ulike grønsaker vert det ein god middag i varmen.
Quinoa er naturleg glutenfritt og salaten er i tillegg utan mjølk og egg. Husk å skylle quinoaen i varmt vatn før bruk slik at den bitre såpesmaken vert vekke.
Ingrediensar til ei skål til ca 4 store porsjonar
2 dl ukokt quinoa
4 dl vatn
1 ts salt
1 pk bladpersille
1 lite fedd kvitlauk
1 chili
safta av 1/2 sitron
4 ss kaldpressa olivenolje eller rapsolje
salt og pepar (kanskje rundt ei ts av kvar)
Kok quinoaen etter oppskrift på pakken eller bruk denne framgongsmåten:
Skyll quinoaen godt i varmt vatn for å bli kvitt bitterstoff. Kok opp vatnet, ha i salt og quinoa. La det koke i 15 minutt med lokk. Sett til side og la det stå med lokket på i 5-10 minutt til alt vatnet er vekke. Sett quinoaen til avkjøling.
Skyll quinoaen godt i varmt vatn for å bli kvitt bitterstoff. Kok opp vatnet, ha i salt og quinoa. La det koke i 15 minutt med lokk. Sett til side og la det stå med lokket på i 5-10 minutt til alt vatnet er vekke. Sett quinoaen til avkjøling.
Finhakk bladpersille, kvitlauk og chili. Rør inn sitronsaft og olje. Smak til med salt og pepar. Det skal smake litt rikeleg surt og salt så det kan vere at ein må justere litt med meir sitron.
Alternativt kan ein blande alt saman enten med stavmiksar, urtehakkar eller i blender.
Ha blandinga oppi den kokte quinoaen og rør forsiktig saman. Den kan serverast med det same men vert best om den får stå og trekkje nokre timar i kjøleskapet. Quinoasalat held seg eit par dagar i kjøleskapet.
Alternativ
- Ein kan bytte ut eller sløyfe dei ulike ingrediensane etter kva ein likar, har i huset eller toler. f.eks. finhakka vårlauk, oliven, agurk, tomat utan kjerne, mynte, basilikum, rosiner osb
- Bladpersille kan erstattast av andre ferske urter
- Kok quinoaen i kraft eller ha buljong i kokevatnet for meir smak.
- Ein kan erstatte kokt quinoa med kokt heil bokkveite, bulgur eller couscous. Dei to siste er ikkje glutenfrie.
- For meir magevennleg variant så kan quinoaen leggjast i bløyt i vatn med litt salt og ein skvett eplecidereddik. Skylj godt før koking. Koketida vert redusert til rundt det halve og det kan vere at ein må la den kokte quinoaen renne godt av i ein sil for å verte kvitt overskytande væske.
Tips
- Ein kan rekne 0,5 dl ukokt quinoa per person.
- Salaten kan godt lagast dagen før.
- Quinoasalat passar til det meste men det er veldig godt til steikt fisk, fiskeburger eller steikte fiskekaker. Gjerne med ein klatt remulade attåt.