
Raudbetehummus – med eller utan fermentering
Likar du den litt søte og jordaktige smaken av raudbetar bør du prøve å lage raudbetehummus. Her har eg teke utgangspunkt i den vanlege oppskrifta mi på hummus og hatt i ein raudbete i tillegg.
Eg tykkjer at smaken vert best om ein bakar eller kokar raudbeten fyrst, men ein kan også bruke han rå. Ein får også kjøpt ferdig kokte raudbetar i enkelte matbutikkar. Då finn ein dei der grønsakene ligg.
Kikerter kan gjere at ein vert litt boblete i magen. Dersom ein har ein sensitiv mage så kan ein derfor fermentere raudbetehummusen for å gjere han lettare å fordøye. Korleis gjere dette står under sjølve oppskrifta. Og har du fermenterte raudbetar så er det heilt supert å bruke her.
Ingrediensar
1 stor raudbete eller 2 små
230-150 g ferdig kokte kikerter (ein kartong ferdig kokte)
2 ss tahini, gjerne lys type om du får tak i det
1/2 fedd kvitlauk
safta av 1/2 sitron
1 dl olivenolje
1,5 ts spisskummen
2 ts paprikapulver (kan sløyfast)
1-2 ts salt (smak til)
1 dl kaldt vatn eller meir om konsistensen vert for fast
Del raudbeten i bitar og ha det i ei matmølle med S-kniv, blender eller bruk stavmiksar. Eg brukte ein liten variant som høyrer til stavmiksaren min. Ha i resten av ingrediensane og køyr til det er ei jamn masse. Spe med meir vatn om konsistensen vert for fast. Ha over i ei skål eller eit glas og sett i kjøleskapet fram til servering.
Raudbetehummus held seg ei veke eller to.
Fermentering av raudbetehummus
Lag raudbetehummus etter overskrifta over og bland inn 1-2 ss startkultur. Dette kan vere myse, væske frå fermenterte grønsaker, Vita biosa (helsekost), Molkosan (helsekost), vannkefir eller kombucha.
Ha det over i eit glas med loket laust på, eit klede med strikk eller eit noregsglas med lok utan strikk. La alt saman stå og fermentere i romtemperatur i rundt eit døgn før ein set det kaldt i kjøleskapet
Dersom du har fermenterte raudbetar kan du bruke desse og då sløyfe å til føre annan startkultur. Då kan det hende at du bør halde igjen litt på sitronsafta og saltet og heller smake til med dette til slutt.
Fermentert raudbetehummus held seg truleg opp til ein månad i kjøleskapet. Kor haldbart det er kjem an på kor mykje futt det er i startkulturen, temperatur og kor mykje raudbetehummusen er ute av kjøleskapet.
Alternativ
- Ha i ein knivodd med chili eller cayennepepar for å få eit lite sting.
- Raudbeten kan bytast ut med 10 skiver sylta raudbete.
- Ein får myse ved å sile kefir eller yoghurt naturell gjennom eit kaffifilter eller finmaska klede. Den blanke væska som kjem ut er mysa som kan brukast til fermentering av hummusen.
Tips
- Raudbetehummus er nydeleg å ha på brød. Favoritten min er ei surdeigskive med hummus, avokado, litt skinke og spirer.
- Omnsteikte grønsaker eller grilla grønsaker er veldig godt saman med raudbetehummus.
- Del opp ulike grønsaker i stavar og bruk hummusen som dip.
- Bruk gjerne raudbetehummus til salat, grillmat eller på kaldtbordet.