Risbollar utan egg, mjølk og gluten

Allergivennlege risbollar utan egg, mjølk og gluten kan serverast til dei fleste. Eg hugsar risbollar frå barnebursdagar, men har forstått at mange har desse som ein del av julebaksten. Dei held seg ei stund om ein set dei kaldt i kjøleskapet og dei kan derfor lagast i god tid i førevegen enten det er til bursdag eller jul.

 

Ingrediensar til rundt 40 stykk

125 g kokesjokolade, eg brukte Coop sin mørke kokesjokolade som er mjølkefri

40 g (3 ss) mjølkefri fløyte, eg brukte Gryr til matlaging

25 g mjølkefritt smør

25 g kokosolje utan smak/delfiafeitt

2 ts vaniljesukker

20 g (1 ss) lønnesirup eller lys sirup

15 g (1 ss) ferdig sterk kaffi (kan sløyfast)

30 g melis

Lita klype salt

rundt 1 liter (80-90 g) puffa ris eller så mykje som blir passe til å bli dekt av sjokoladeblandinga.

 

Smelt alle ingrediensane med unntak av puffa ris i ei kasserolle på lav temperatur eller i vassbad. Rør inn puffa ris og legg massa over i muffinsformer med ei skei. Sett kaldt til dei har stivna. Lagrast kjølig i tett boks.

 

Alternativ
  • For sukkerfri variant kan ein nytte sukkerfri sjokolade, sukrinsirup og sukrinmelis.
  • Om du ikkje har muffinsformer kan du legge matpapir på eit steikjebrett og sette risbollane utover papiret med ei skei.
  • Puffa ris kan bytast ut med puffa quinoa eller corn flakes. Då må ein prøve seg fram med mengda.
  • Ein kan ha i litt krydder  som til dømes kanel for å variere smaken.

 

Tips
  • Ein kan ha massa i ei langpanne med matpapir og dele dei opp i passe store bitar etter at det har stivna.
  • Ved å berre smelte mjølkefri sjokolade og røre inn puffa ris kan ein lage risbrød utan mjølk. Om du har isbitformer eller konfektformer for store bitar kan du ha massa over i dei, eller bruke framgongsmåten over med å bruke ei lita langpanne eller ei firkanta form.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *