
Rømmesild
Sild er det mange som lagar til jul eller har på kaldtbord og rømmesild er ein av dei enklaste variantane ein kan lage. Det er berre å røre saman og sette klart i kjøleskapet.
Eg laga mjølkefri rømmesild ved å bruke ein plantebasert rømmeerstatning sidan eg toler mjølkeprotein dårleg, men det beste er sjølvsagt å nytte vanleg rømme om ein toler det.
Husk å vatne sildefiletane om du ikkje har kjøpt ferdig utvatna. Elles vert det veldig salt og omtrent ueteleg.
Ingrediensar
100g majones
2 ss rømme, eg brukte Q planti rømmeerstatning
1-2 ss sitronsaft
4-6 ss finhakka frisk dill
150-200g filetar av ferdig utvatna kryddersild eller spekesild
Bland saman majones, rømme, dill og smak til med sitronsaft. Del kryddersildfiletane i skiver på rundt ein centimeter og rør dei forsiktig inn i rømmeblandinga. Smak eventuelt til med litt salt og pepar om det trengst.
Rømmesilda kan serverast med ein gong, men vert best om ho får stå og trekke i eit par timar.
Med tett lok i kjøleskapet held rømmesilda seg i minst fire dagar.
Alternativ
- Ein kan bruke ei blanding ulike friske urter som persille, dill og graslauk.
- For laktosefri rømmesild kan ein nytte laktosefri rømme
- Bland gjerne i to hardkokte egg som er delt i fine terningar, gjerne med eggedelar kor ein delar egga to vegar.
- Til jul kan ein prøve kryddersildfiletar med julekrydder som ein får kjøpt i ferskvaredisken.
Tips
- Rømmesild er supert å gje vekk i gåve i eit dekorativt glas.
- Server ulike sortar sild saman med kokte egg og godt brød som focaccia eller fine rundstykker.
- Eg har også ei oppskrift på tomatsild som er veldig enkel og god.