
Rømmevaflar utan egg og gluten
Rømmevaflar utan egg og gluten kan likevel bli gode. Denne oppskrifta gir vaflar som er sprø og dei er helt klart best når dei er nysteikte.
Eg har også ei oppskrift på søte vaflar utan egg, mjølk og gluten.
Ingrediensar til ca 10 plater
6 dl rømme
1 ts salt
1 ts bakepulver
2 dl vatn
200 g lyst glutenfritt mjøl (Toro lys mjølblanding)
Bland alt saman til ei tjukk og klumpefri røre. La det stå og svelle i minst 10 minuttar.
Steik vaflene og avkjøl på litt på ei rist.
Alternativ
- Om ein ikkje treng å ha det glutenfritt kan ein nytte vanleg sikta mjøl i staden
- Litt av mjølet kan bytast ut med havregryn eller grovt mjøl for variasjon
- Bruk laktosefri rømme så vert vaflane laktosefrie.
- Om ein ynskjer søtare vaflar kan ein ha i 2 ss sukker eller søtt tilsvarande 2 ss sukker.
Tips
- Server vaflene varme med is og bær attåt
- Sidan vaflane er utan tilsett sukker så er det gode med salt pålegg som for eksempel spekemat eller ost