Scones utan mjølk og gluten

Scones utan mjølk og gluten

Når eg treng noko lettvint som både går fort å lage og er allergivennleg så lagar eg som oftast scones utan mjølk og gluten.

Det går raskt å røre saman deiga og er heilt klart best nysteikte. Dei tinar også raskt i steikeomnen etter opphald i frysaren. Dei er kan brukast til det meste. Alt frå frukost eller som attåt suppe eller salatar.

Oppskrifta er utan mjølk, gluten og gjær og kan derfor etast av dei fleste. Og dei kan absolutt lagast utan egg.

 

Ingrediensar til rundt 8 middels store scones

50 g rapskokos eller anna mjølkefritt smør
2 dl valfri mjølk eller vatn
1 ts fiberhusk
2 ts bakepulver
0,5 ts salt
4 dl glutenfritt mjøl, eg brukte toro lys mjølblanding
1 egg (kan sløyfast)

Bland det tørre i ein bakebolle. Smelt smøret og la det kjøle seg litt. Bland saman egg og mjølk. Ha det saman med smøret i bakebollen og bland det godt saman. La deiga stå og svelle i rundt 10 minutt.

Bruk ei skei dyppa i vatn eller ha litt olje på hendene og form til litt flate bollar. Sett dei utover ei steikeplate med bakepapir.

Steikast midt i omnen på 200 grader varmluft (eventuelt 225 grader over- og undervarme) i rundt 15 minutt. La dei avkjøle seg litt på rist før servering.

 

Alternativ
  • Bland saman ulike typar glutenfritt mjøl og bruk gjerne litt havregryn eller frø.
  • Treng ein ikkje glutenfritt så kan kan ein bruke vanleg mjøl i staden. Då kan ein sløyfe fiberhusken.
  • Bruk vanleg smør og mjølk om det ikkje treng å vere mjølkefritt.
  • Sløyf egget om ein ikkje toler det.
  • Om ein brukar margarin utan salt er det lurt å ha i litt ekstra salt.
  • Dersom ein brukar eit fast smør så kan ein smuldre det i mjølet i stadenfor å smelte det.
  • Vil du ha søte scones utan mjølk og gluten så ha i 2 ss sukker.

 

Tips
  • Ein heil pose Toro lys mjølblanding er akkurat nok til dobbel oppskrift.
  • Lag ostescones ved å ha ein dl raspa ost i deiga og ha riven ost på toppen.
  • Lag krydderscones ved å ha ei ts tørka oregano eller andre tørka krydder i deiga.
  • Om ein lagar dei ganske flate så kan dei tinast raskt i brødristaren

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *