Sitronmuffins utan egg, mjølk og gluten

Sitronmuffins utan egg, mjølk og gluten

Her kjem oppskrift på nokre allergivennlege sitronmuffins utan egg, mjølk og gluten. Å lage kaffimat utan «alt» er utfordrande og det kan fort verte tunge greier når det er utan egg. Desse muffinsane er både luftige og saftige, og liknar i grunnen på sitronkake. Dei fell i smak hos dei fleste og kan trygt serverast til alle.

Det er også ei grunnoppskrift som kan nyttast som utgangspunkt for andre smaksvariantar. Eg tykkjer det er greitt å lage den allergivennlege baksten i porsjonar slik at dei kan frysast og er enkelt å ta opp etter kva ein treng. Då har ein også alltid noko i bakhand som tinar raskt.

 

Ingrediensar til ca 15 middels store muffins

150 g romtemperert mjølkefritt smør

3 dl sukker, eg brukte rårørsukker

250 g glutenfritt mjøl, eg brukte Toro lys glutenfri mjølblanding

1,5 ts bakepulver

1 ts vaniljesukker

Saft og finrive skal av ein sitron

ca. 2 dl valfri mjølk  (det skal vere 2,5 dl væske til saman av sitronsaft og mjølk), eg brukte glutenfri havremjølk

Melis til glasur

 

Pisk smør og sukker kvitt/lufitig med ein miksmaster eller ei kjøkkenmaskin. Er smøret utan salt så ha i ei halv teskei salt. Bland saman glutenfritt mjøl, bakepulver og vaniljesukker. Riv skalet av sitronen på det finaste på rivjernet og ha det oppi bakebollen. Press safta ut av sitronen i eit litermål, ta av ei ts sitronsaft til glasuren og fyll opp med mjølk til det til saman er 2,5 desiliter. Ha det tørre og mjølkeblandinga oppi smør og sukker litt og litt om kvarandre under omrøring. Bland godt saman.

Ha røra i muffinsformer, gjerne i eit muffinsbrett. Fyll formene ca 2/3 fulle. Steikjast på 180 grader midt i omnen i ca. 20 minutt. Steikjetida kjem an på kor store muffinsformer ein nyttar så den kan variere frå 15-25 minutt.

Avkjøl muffinsane på rist.

Lag melisglasur ved å røre saman melis, 1 ts sitronsaft og vatn og ha på muffinsane når dei er kalde.

 

Alternativ
  • Om ein toler vanlege mjølkeprodukt kan ein sjølvsagt nytte vanleg meierismør og mjølk.
  • Ved laktoseintoleranse kan ein bruke laktosefrie mjølkeprodukt.
  • Sukkeret kan bytast ut med andre typar søtt som brunt sukker, rårørsukker eller kokossukker.
  • Desse muffinsa vert ganske flate. Ynskjer du muffins med ein liten topp på kan du ha i 50 g ekstra mjøl.
  • Det går fint å bruke andre sortar glutenfritt lyst mjøl.

 

Tips
  • Ein kan bruke denne oppskrifta som grunnoppskrift og byte ut sitron med andre smaksvariantar.
  • Når ein lagar sitronmuffins utan egg, mjølk og gluten så vert dei raskare tørre enn ved vanleg bakst. Dei held seg saftige ei stund men vil bli meir tørre om dei står til dagen etter.
  • Dei eignar seg godt til frysing, men då helst utan glasur.
  • Det er ei lita gruppe på facebook for tips og oppskrifter utan egg, mjølk og gluten.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *