Sjokoladechiapudding med sesamkaramellkrem

Ikkje la deg lure av den lange overskrifta. Sjokoladechiapudding med sesamkaramellkrem er faktisk veldig raskt og lett å lage. Den kan brukast som dessert eller som eit måltid i seg sjølv. Eg lagar ofte opp ein stor porsjon sånn at eg har frukost ståande klar i kjøleskapet eller har noko å ta med meg som niste.

Ved å byte tahini med peanøttsmør vert det litt som Snickers. Vil tru at det er noko som vil kunne falle i smak hos mange.

Dadlar kan vere alt frå veldig saftige til utruleg tørre. Eg brukar ofte å kjøpe dei ein får kjøpt i kartong eller i lausvekt i fruktavdelinga i butikken. Er dadlane veldig tørre så kan ein godt legge dei i vatn i 10 minutt før bruk for å få dei litt mjukare.

Oppskrifta er utan egg, mjølk og gluten og kan derfor serverast til dei fleste.

 

Ingrediensar
Chiapudding

1 dl kokosmjølk
1 dl valfri mjølk, eg brukte glutenfri havremjølk
1 ss kakaopulver, eg brukte råkakaopulver
¼ ts vaniljepulver eller vaniljesukker
1-2 ss kokosblomstsirup, lønnesirup, sukrinsirup eller anna søtt. Smak til for å få det passe søtt.
Ei lita klype havsalt, eg brukte Maldonsalt
3 ss chiafrø

 

Sesamkaramellkrem

80 g dadlar, rundt 6-8 store utan stein.
1,5 dl kokosmjølk
25 g tahini
¼ ts vaniljepulver eller vaniljesukker
Ei lita klype havsalt

Litt hakka neter, frø, sjokoladebitar, bær, frukt eller kokosflak til å strø over om ein ynskjer det.

 

Chiapudding

Bland saman alle ingrediensane i ein bolle og la det stå i minst eit par timar i kjøleskapet til puddingen har stivna. Eg brukar å la det stå over natta.

 

Sesamkaramellkrem

Ha alle ingrediensane i ei lita kjøkkenmaskin eller blender, eg brukte den som høyrer til stavmiksaren min. Køyr til det er vorte ei nokolunde jamn masse. Dersom dadlane er litt tørre så kan det hende at ein må justere litt med meir kokosmjølk. Ha sausen over i eit glas eller ei skål og sett kaldt i kjøleskapet.

 

Ha sjokoladechiapudding i ei skål eller eit glas og fordel passe mengd sesamkaramellkrem over. Strø over litt frø, bær, hakka sjokolade eller liknande på toppen.

 

Alternativ
  • Kokosmjølk kan bytast ut med andre sortar mjølk eller yoghurt.
  • Tahini kan bytast ut med anna nøttesmør som peanøttsmør eller mandelsmør. Du kan også knuse sesamfrø sjølv i ein morter. Tahini får ein kjøpt i matbutikk, internasjonal butikk eller hos helsekost.
  • Gidd du ikkje lage sesamkaramellkremen så kan den sløyfast eller bytast ut med vaniljeyoghurt.

 

Tips
  • Ha sjokoladechiapudding i eit glas med lok og sett i kjøleskapet. Så er det berre å ha på sesamkaramellkremen og eventuelt det ein vil ha på toppen før ein tek med seg glaset som niste.
  • Lag ein stor porsjon og bruk av dette over fleire dagar. Chiapuddingen held seg i ei vekes tid i kjøleskapet.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *