
Sjokoladesmoothie
Dei fleste likar denne varianten av sjokoladesmoothie og det er ein fin dessert å servere på ein kvardag. Prøv deg gjerne fram til din favorittkombinasjon av ingrediensane. Nokon vil ha det veldig søtt og andre likar at det er ganske bittert.
Oppskrifta er naturleg glutenfri og vert også mjølkefri ved bruk av plantemjølk.
Ingrediensar til 1 glas
1/2 frosen banan i bitar
1 toppa ss kakao (eg brukte råkakao)
2,5 dl valfri mjølk (eg brukte mandelmjølk)
1/2 avokado (kan sløyfast)
Litt lønnesirup eller anna søtt om bananen ikkje har så mykje sødme.
Ha alt saman i ein blender og køyr det til det er klumpfritt. Ha over i eit glas og server med en gong.
Alternativ
- Det meste av mjølk og mjølkeerstatningar kan brukast. Nokre variantar er søtare enn andre så det kan vere lurt å smake seg litt fram.
- Bananen kan sløyfast men ha då i minst ei ts søtt som honning, sukker, lønnesirup eller liknande for å justere sødmen.
- Avokadoen kan godt vere frosen i bitar.
- Ha i nokre isbitar om du ikkje har frosne ingrediensar.
- Ha gjerne i ei rå eggeplomme i tillegg for glattare konsistens.
- For variasjon kan ein nytte kokosmjølk eller ha i ei matskei kokosmasse.
Tips
- Frys ned sjokoladesmoothien i ispinneformer så vert det sjokoladeis.