Sjokoladetrøflar utan mjølk

Sjokoladetrøflar

Å lage sjokoladetrøflar er enkelt og sidan dei er relativt allergivennlege så kan dei serverast til dei fleste. Dei kan lagast i mange ulike smaksvariasjonar. Denne gongen laga eg ein med berre sjokolade og hadde frysetørka bringebær i den andre.

Oppskrifta er naturleg glutenfri og utan egg, og enkel å gjere mjølkefri.

 

Ingrediensar til rundt 40 sjokoladetrøflar

200 g sjokolade

1,5 dl fløyte

2 ss kakao til å rulle trøflane i

 

Smelt sjokoladen på lav varme eller i vassbad. Varm fløyten opp til kokepunktet og bland raskt inn i sjokoladen. Sett til avkjøling i kjøleskapet i minst ein halvtime eller til det er stivna. Legg kakao i ei skål eller på ein tallerken. Trill kuler og rull dei i kakaoen.

 

Sjokoladetrøflar med bringebærsmak

200 g sjokolade

1,5 dl fløyte

1 pk (ca. 40 g) frysetørka bringebær

 

Knus dei frysetørka bringebæra til pulver med stavmiksar, kjøkkenmaskin eller med ein morter. Eg brukte den lille kjøkkenmaskina med S-blad som høyrer til stavmiksaren.

Smelt sjokoladen og varm opp fløyten til kokepunktet. Bland fløyten raskt inn i sjokoladen og rør inn 2 ss bringebærpulver. Sett til avkjøling.

Ha resten av bringebærpulveret i ei skål eller på ein tallerk. Trill kuler og rull dei i bringebærpulveret.

Sjokoladetrøflane bør stå kaldt fram til dei skal etast. Dei held seg minst ei veke i kjøleskapet.

 

Alternativ
  • For laktosefri variant kan ein bruke laktosefri fløyte og sjokolade utan mjølk.
  • Bruk mjølkefri fløyte og mjølkefri sjokolade for å gjere dei heilt mjølkefrie.
  • Sukkerfri sjokolade kan nyttast om ein ynskjer å lage sjokoladetrøflar utan sukker.
  • Har du ikkje frysetørka bringebær kan du bruke litt bringebærsaft (smak til) i trøflane og rulle trøflane i kakao eller kokosmasse.
  • Erstatt inntil 0,5 dl av fløyten med cognac eller likør
  • Prøv med andre typar frysetørka frukt og bær.
  • For variasjon kan ein ha i hakka mandlar eller neter, havsalt, kokos, små karamellbitar eller litt hakka kvit sjokolade
  • For appelsinsmak kan ein ha i safta av ei appelsin eller bruke appelsinlikør. Rull gjerne kulene i kokosmasse farga med gul konditorfarge.

 

Tips
  • Lag ei stor oppskrift og del opp i fleire skåler med ulike typar smakar.
  • Trøflane kan pakkast i cellofanposar og er fine å gje vekk i gåve.
  • Det er ei lita gruppe på Facebook for tips og oppskrifter utan egg, mjølk og gluten.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *