
Skulebollar av surdeig
Denne gongen har eg brukt oppskrifta på surdeigsbollar til å lage skulebollar av surdeig. Skulebollen har forresten sin eigen dag og det er den siste fredagen i skuleåret.
Det tek litt lenger tid å lage skulebollar av surdeig men det får ein att i saftige og luftige bollar. Ein kan lage deiga på kvelden og sette ho i kjøleskapet over natta. Så ta deiga ut av kjøleskapet på morgonen og la ho heve på kjøkkenbenken til ein kjem heim frå jobb eller skule på ettermiddagen. Då får ein nysteikte bollar til kaffien.
Skulebollane kan lagast utan egg og mjølk.
Ingrediensar til ca 20 middels store skulebollar
125 g smør
1 dl sukker, eg brukte rårørsukker
5 dl mjølk, eg brukte havremjølk
59 g (2 ss) surdeigstartar
1/2 ts salt
1 ts kardemomme
650 g sikta spelt
ca 5 dl vaniljekrem
Egg til pensling
Melis
Kokosmasse
Smelt smør i ei kasserolle og ha i sukker. Rør til ein del av sukkeret er løyst opp. Ha i mjølka og bland godt. Tøm blandinga over i ein bakebolle og rør inn surdeigstartar, kardemomme og salt. Ha i halvparten av mjølet og bland det godt saman. Ha i resten av mjølet litt og litt, og elt godt i 5-10 minutt, gjerne i kjøkkenmaskin. Deiga skal vere smidig og sleppe bakebollen så juster med meir mjøl om det er nødvendig. Dekk til med plast eller eit fuktig klede og la det stå og heve på benken i 8-12 timar.
Bak ut bollane enten på ei bakematte eller med litt mjøl eller smør på benken. Eg er ikkje så flink til å trille bollar så eg forma dei i staden ved å brette kantane til undersida til dei vart fine runde bollar. Sett bollane på steikjebrett med bakepapir og klem dei litt flate. Dekk til med plast og la dei etterheve i 1-2 timar, mine sto vel i rundt 1,5 timar.
Lag ei grop i kvar bolle med ei spiseskei dyppa i vatn og ha i vaniljekremen. Pensle med egg og steik dei midt i omnen på 225 grader i 10-15 minutt. Avkjøl på rist.
Lag melisglasur av melis og vatn og smør det utover rundt vaniljekremen på kvar bolle. Dryss over kokosmasse og la det stå ei lita stund slik at glasuren stivnar.
Alternativ
- Bruk laktosefri mjølk for laktosefrie bollar.
- Bollane vert mjølkefrie ved å bruke plantemjølk eller vatn og mjølkefritt smør.
- Om ein droppar å pensle med egg vert bollane eggefrie.
- Spelt kan bytast ut med kveitemjøl, men då kan det hende at mengda må justerast. Då er det greitt å prøve seg litt fram til deiga er så fast at ho slepp bakebollen.
- Har ein ikkje surdeigstartar kan ein bruke 0,5 ts tørrgjær eller ein ertestor klump fersk gjær, og gjerne erstatte noko av væska med myse eller ha i ein kork eplecidereddik i tillegg.
- Ein kan nytte ferdigkjøpt vaniljekrem eller lage sjølv frå botnen. For ein allergivennleg vanilljekrem kan ein bruke Freia sin vanijesaus på pose og lage denne med halv mengde plantemjølk. Eg brukte havremjølk. Freia har to typar vaniljesaus, ein til koking og ein utan. Eg brukte den med koking sidan vaniljekremen vert varm i omnen. Ein kan godt røre inn ei spiseskei potetmjøl eller maizena i pulveret slik at kremen vert endå fastare.
Tips
- Bollane kan godt frysast, men då helst utan glasur. Dei tinar raskt i omnen.
- Deiga kan settast i kjøleskap og stå der opptil i eit par døgn. Då bør ho heve til romtemperatur før utbaking.
- Dersom vaniljekremen fell saman så kan ein etterfylle med vaniljekrem etter at bollane er steikte.