
Surdeigsbrownie
Denne oppskrifta på surdeigsbrownie har eg rappa frå Chef in disguise og gjort nokre små endringar. Eigentleg kan ein lage dette med surdeigstartar som ein har til overs men sidan min surdeigstartar er av rug så passar det ikkje så godt i søt bakst. Derfor lagar eg heller ei fordeig med berre litt surdeistartar saman med sikta spelt og vatn som får stå og syrne før eg lagar resten av røra. Dersom du har ein surdeigstartar som er laga på sikta spelt eller kveitemjøl så kan du bruke restar av surdeigstartar. Meir om dette står under alternativ nederst i innlegget.
Den største utfordringa med å lage brownie er at ein må vente med å smake til det er avkjølt når det luktar nydeleg sjokolade i heile huset.
Ingrediensar til ei form på rundt 20 x 25 cm
1 dl kaldt vatn (100 g)
20 g (1 ss) surdeigstartar
100 g sikta spelt
300 g sjokolade, eg brukte kokesjokolade frå Coop
225 g smør
200 g sukker, eg brukte halvparten rårørsukker og halvparten kokossukker
1/2 ts salt
2 ts vaniljesukker
3 egg
30 gram kakaopulver
Ha vatn i ein bakebolle og rør ut surdeigstartaren i vatnet. Ha i sikta spelt og bland det godt saman til ei klissete deig. Dekk til bakebollen og la det stå i romtemperatur i 8-12 timar, eg lot det stå over natta. Alternativt kan ein la det stå rundt 4 timar i romtemperatur og så sette det i kjøleskapet til dagen etter.
Smelt sjokolade og smør saman på lav varme eller i vassbad. Rør inn sukker, salt og vaniljesukker. Rør inn eit og eit egg og kakaopulveret. Ha til slutt i den syrna deiga og bland godt slik at det er ei jamn røre. Tøm røra over i ei smurt form eller ei form med bakepapir.
Steikjast midt i omnen på 160 grader i 30-40 minutt. Sjekk med ein kakepinne. Kaka er ferdig når det ikkje heng att røre på han etter å ha stukke han i kaka. Eg måtte la det faktisk stå i 45 minutt. Avkjøl surdeigsbrownien heilt før oppdeling. Kaka kan virke litt laus i starten men set seg når ho er kald.
Alternativ
- Dersom du har ein surdeigstartar som er av sikta spelt eller kveitemjøl så kan du bruke 220 g av den slik som det står i den opprinnelege oppskrifta. Det er ein fin måte å kvitte seg med restar av surdeigstartar på. Det går også fint å bruke surdeigstartar rett frå kjøleskapet.
- For mjølkefri surdeigsbrownie kan ein nytte mjølkefritt smør og sjokolade utan mjølk.
- Ein kan også steikje brownien i to store brødformer om ein heller ynskjer det.
- Ha i for eksempel hakka neter, grovhakka sjokolade, non-stop, eller karamellbitar.
Tips
- Surdeigsbrownie passar godt til å verte servert med vaniljeis og bringebær.
- Dersom det skulle verte restar kan desse frysast til seinare.