
Surdeigsfocaccia
Ei av dei mest populære oppskriftene på bloggen er oppskrifta på eltefri focaccia med surdeig. Denne gongen har eg laga ein surdeigsfocaccia som krever litt meir elting og som må etterheve etter utbaking. Denne oppskrifta er også enkel men tek litt lenger tid og litt meir arbeid, men det er det absolutt verdt. Resultatet vert ein utruleg mjuk, saftig og luftig focaccia.
Ingrediensar til ei langpanne på 30 x 40 cm
50 g (2 ss) surdeigstartar
5 dl kaldt vatn
1 ts salt
75 g smelta smør
ca. 850 g sikta spelt
Olivenolje, fingersalt og rosmarin til å ha på toppen.
Eg brukte Kenwood kjøkkenmaskin med eltekrok til å lage deiga. Ha vatn og surdeigstartar i bakebollen og rør godt. Ha i salt og smelta smør. Elt inn mjølet litt etter litt til deiga så fast at ho slepp bollen. Juster med meir mjøl om det trengst. Elt deiga godt i rundt 10 minutt. Dekk til bollen med plast og sett til heving i romtemperatur i 8-14 timar, eg lot deiga stå på benken over natta i rundt 9 timar.
Ha deiga over i ei langpanne med bakepapir og trykk utover så godt det let seg gjere. Om deiga er litt klissete kan det vere lurt å ha litt vatn på hendene. Dekk til med plast og etterhev i 1-2 timar, eg lot det stå i 1,5 timar.
Ha litt vatn på fingrane og trykk ned deiga slik at det vert mange små groper. Ringle litt olivenolje utover deiga og strø på fingersalt og krydder.
Steikjast midt i omnen på 215 grader i ca 30 minutt. Avkjøl på rist, gjerne under eit klede.
Alternativ
- Sikta spelt kan bytast ut med vanleg kveitemjøl.
- Om ein ynkjer ein grovare variant kan ein erstatte noko av mjølket med for eksempel sammalen fin spelt.
- For mjølkefri variant kan ein bruke mjølkefritt smør.
- Olivenolje kan bytast ut med smelta smør.
- Ein kan variere det oppå. For eksempel soltørka tomat, oliven, chorizo, spekepølse eller fetaost er godt.
- Ulike typar urter både ferske og tørka kan brukast.
- Har du ikkje surdeig kan du bruke 1/2 ts tørrgjær eller ein ertestor klump fersk gjær. Då kan du godt ha i 1-2 ss eplecidereddik og/eller erstatte 1/2 dl av vatnet med myse. Då vert resultatet meir likt som når det er bakt med surdeig. Myse lagar ein ved å sile f.eks yoghurt naturell gjennom eit klede eller kaffifilter.
Tips
- Surdeigsfocaccia passar godt attåt suppe, salat eller pasta.
- Ein kan dele ein bit surdeigsfocaccia på langs og fylle med litt grønsaker,pesto, kjøtpålegg og ost.