Cookies av surdeig med sjokoladebitar

Surdeigskjeks med sjokoladebitar

Ein treng ikkje bruke surdeig berre til brød. Eg har denne gongen laga surdeigskjeks med sjokoladebitar eller cookies som det også vert kalla. Denne oppskrifta fann eg på bloggen Smak av himmel, men eg har gjort nokre endringar. Det vart nokre skikkeleg sprø og gode kjeks som forsvann raskt frå boksen.

 

Ingrediensar til rundt 50 små kjeks
Fordeig:

1 ss (25 g) surdeigstartar

75 g smelta smør

200 g sikta spelt

100 g kaldt vatn

Bland alt saman til ei smidig og ganske tørr deig. Sett til syrning i romtemperatur i 8-14 timar, eg lot det stå over natta i rundt 10 timar. Alternativt kan ein la det stå i romtemperatur i rundt 4 timar og så i kjøleskap til dagen etter.

 

Hovuddeig:

Heile fordeiga som vart laga tidlegare

75 g mjukt eller smelta smør

1 egg

100 g kvitt sukker, eg brukte lyst rårørsukker

100 g brunt sukker, eg brukte kokossukker

1 ts vaniljesukker eller vaniljepulver

1 ts bakepulver

150 g sjokolade i bitar eller sjokoladeknappar

 

Ha alle ingrediensane oppi den ferdige fordeiga og bland godt saman. Sett deiga kaldt i minst ein time, gjerne lenger.

Bruk ei teskei og sett deiga i ganske små klattar utover eit steikjebrett med bakepapir.  Om deiga er skikkeleg kald så går det an å trille kuler også. Då vert dei penare i fasongen. Lag kulene ganske små for elles vert kjeksa store og vert vanskelege å få sprø. Sjå også til at det er god plass rundt kvar deigklump for dei flyt veldig utover under steikjinga.

Steikjast på 180 grader midt i omnen i ca. 10 minutt. Dei er ganske mjuke når ei kjem ut av omnen. Det enklaste er å la dei stå og stivne litt på bakepapiret før ein flyttar dei over til rist. Ha dei opp i ein boks når dei er skikkeleg kalde.

 

Alternativ
  • Ein kan nytte kveitemjøl i staden for spelt.
  • Kjeksa vert mjølkefrie ved å bruke mjølkefritt smør og sjokolade utan mjølk.
  • Ein kan nytte ulike typar sjokolade eller ei blanding av desse. Lys, mørk, kvit eller nonstop.
  • Ha gjerne i litt hakka neter eller mandlar i deiga.

 

Tips
  • Deiga kan stå i fleire dagar i kjøleskapet før steikjing.
  • Ein kan godt fryse den ferdige deiga. Då må ho nok tine ei stund før ein steikjer kjeksa.
  • Desse surdeigskjeksa med sjokoladebitar passar godt å servere attåt is eller andre dessertar.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *