
Surdeigspannekaker
Truleg hadde vi hatt surdeigspannekaker til middag tre dagar i veka om andre i husstanden fekk bestemme. Det hadde gjerne vorte litt for mykje av det gode for dei fleste og det held nok å ete pannekaker av og til.
Ved å bruke surdeig så får ein meir smakfulle pannekaker og samtidig får ein gjort dei lettare å fordøye for sensitive magar.
Eg brukar ofte det som er til overs av surdeigstartar etter mating eller tek nokre skeier rett frå kjøleskapet når eg lagar pannekakerøra.
Røra held seg ein dag eller to i kjøleskapet, men vert syrlegare dess lenger ho vert ståande. Dersom røra er vorten for sur så kan ein ha i 1/2 ts natron rett før steikjing som vil nøytralisere sursmaken.
Ingrediensar til 12 store surdeigspannekaker
4 dl kaldt vatn
75 g (3 ss) surdeigstartar, eller det ein har til overs etter mating
300 g sikta mjøl, eg brukte sikta spelt
5 egg
100 g smelta smør
1 ts salt
2 ss sukker eller lønnesirup, eg brukte kokossukker
Ha vatn, surdeigstartar og mjøl i ein bolle og rør det godt saman til ei tjukk røre. Dekk til og sett det i romtemperatur til 6-12 timar eller sett det i kjøleskapet om det skal stå lenger. I kjøleskapet kan det stå ein dag eller to til det passar å steikje pannekakene.
Bland i egg, smelta smør, salt og søtt og rør det godt saman. Dersom pannekakene vert i tjukkaste laget så kan ein justere røra ved å ha i litt ekstra vatn.
Steikjast i steikjepanne på middels varme.
Surdeigspannekaker serverast for eksempel med steikt flesk og blåbærsylte.
Alternativ
- Pannekakene vert mjølkefrie om ein nyttar mjølkefritt smør.
- Ein kan bruke mjølk av valfri sort i staden for vatn.
- Litt av det sikta mjølet kan byttast ut med litt grovare mjøl eller litt havregryn. Då kan det hende at ein må ha i litt meir vatn sidan det kan svelle litt meir enn sikta mjøl.
- Ha i litt kardemomme eller kanel i røra for smaksvariasjon.
- Ynskjer du luftigare pannekaker så kan du ha i 1 ts bakepulver eller 1/2 ts natron rett før pannekakene steikjast.
- Ein kan blande saman alle ingrediensane med ein gong om ein ynkjer det og la det stå og svelle så lenge ein har tid til enten i romtemperatur eller i kjøleskapet.
- Sukkeret kan bytast ut med anna søtt som sukrin gold eller rårørsukker.
Tips
- Ein kan fylle pannekakene med sennep eller rømme, salat og kokt skinke.
- Steik opp heile røra og frys ned pannekakene i porsjonar for raske måltid seinare. Då går der raskt å varme pannekakene nokre minutt i steikjeomnen.