Surdeigspizza med spelt

Surdeigspizza

Å lage surdeigspizza treng ikkje kreve så mykje innsats. Eg lagar pizzadeiga om morgonen og let ho stå og heve på benken til middagstid. Det er viktig for meg at surdeigsbakst er noko som er overkomeleg for dei fleste. Derfor har eg utvikla denne oppskrifta på ein pizzabotn som er enkel og samtidig gir eit godt resultat.

Eg lagar ofte to litt tynnare pizzabotnar av oppskrifta, men ein kan også ha heile deiga i ei stor langpanne og lage surdeigspizza med tjukkare botn om ein ynskjer det.

Vanlegvis har eg også heimelaga pizzasaus klar i frysaren sånn at det går kjapt å slenge saman sjølve pizzaen når det er middagstid.

Ingrediensar til 2 stk surdeigspizza (middels store) eller ein stor pizza i langpanne

3,5 dl kaldt vatn

25 g (1 ss) surdeigstartar

25 g olivenolje eller smør

1 ts salt

ca. 500 g sikta spelt eller kveitemjøl

Ha vatnet i ein bakebolle og rør inn surdeigstartar. Ha i salt, olje/smør og mesteparten av mjølet. Elt godt saman og juster med meir mjøl om nødvendig. Deiga skal vere ganske fast og ikkje klissete. Sett til heving i romtemperatur i 6-12 timar.

Deiga kan vere ganske klissete etter heving så det beste er å ha litt vatn eller smør/olje på hendene og trykke deiga utover ei steikjeplate med bakepapir.

Ha på pizzafyll og ost. Steikast på 225 grader i rundt 20 minutt.

Alternativ
  • Sikta spelt kan bytast ut med kveitemjøl. Då er det viktig å ha i mjølet litt etter litt til deiga er fast og ikkje klissete.
  • For mjølkefri surdeigspizza kan ein nytte olje eller mjølkefritt smør i deiga og mjølkefri ost på toppen. Det finst fleire sortar mjølkefri ost i butikkane. Det same er dei veganske ostane som er ferdig raspa. Desse finn ein forresten ofte ikkje i allergihylla men i ferskvaredisken der dei kjøtfrie alternativa står.
Tips
  • Lag opp mange pizzabotnar og halvsteik dei i 10 minutt før frysing så er det raskt å lage pizza seinare.
  • Lag deiga kvelden før og sett ho rett i kjøleskapet. Sett i romtemperatur 6-10 timar før utbaking. For eksempel kan ein ta deiga ut av kjøleskapet før ein går på jobb på morgonen så er ho ferdig heva når ein kjem heim. Deiga held seg fleire dagar i kjøleskapet og vil heve ein del der. Om ho har heva mykje kan ein bake henne direkte ut. Dette kjem an på kor aktiv surdeigstartaren er.

6 kommentarar

  • EB

    Fikk lyst på en god gammeldags langpannepizza, med kjøttdeigsaus og ost. Har ikke lagd på 15 år. Denne oppskrifta var utrolig bra! Bretta deigen 1 gang og lot den hvile i ca 6-7 timer. Fordelte utover langpanna og monterte kjøttdeigsaus og ost! Utrolig bra. Glad jeg kom over siden din!

    • Solgåva

      Hei.
      Tusen takk! Så bra at det blei vellukka.
      Det er jammen på tide å ta fram langpannepizzaen att. Det er jo kjempegodt!

      Helsing Sunniva

  • henriette

    hei

    skal man aktivere surdeigstarteren over natta før man tilsetter den i denne oppskrift eller gjøres dette når den står å hever i romtemperatur?

    • Solgåva

      Hei!
      Eg matar vanlegvis surdeigstartaren kvelden før og let han stå i romtemperatur til eg har han oppi deiga om morgonen.
      Må innrømme at eg har tatt surdeigstartar rett frå kjøleskapet nokre gongar også, men det er kanskje litt meir risikosport.

      Helsing Sunniva

  • Susanne

    Jeg vil takke for en nydelig oppskrift! Laget denne til familien i går, laget den bare som en stor langpanne Pizza og den gled ned på høykant! Takk for fin oppskrift med lite arbeidstid!

    • Solgåva

      Hei!
      Tusen takk.
      Det er veldig kjekt å høyre at oppskrifta falt i smak.
      Skal jammen prøve å lage i langpanne neste gong eg også!

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *