Surdeigsvaflar med rømme

Surdeigsvaflar med rømme

Her om dagen vart det surdeigsvaflar med rømme til kaffimat fordi eg fann ein halv boks rømme som hadde lurt seg vekk i kjøleskapet og byrja å verte temmeleg gammal. Vaflar er ein super måte å bruke opp mjølkeprodukt som byrjar å verte gamle og rømmevaflar har alltid vore ein av mine favorittar.

Eg har laga desse vaflane med nyoppfriska surdeigstartar og nokre gongar har eg berre teke han rett frå kjøleskapet. Det fungerte like bra begge deler så om du har litt mykje surdeigstartar i kjøleskapet så er det å putte den i ei vaffelrøre ein fin måte å bruke opp det overflødige på.

Desse vaflane er best nysteikte sidan dei vert litt mjuke om dei får stå ei stund. Men dei smakar like godt uansett.

 

Ingrediensar til 8 store plater surdeigsvaflar

2 dl kaldt vatn

25 g (1 stor ss) surdeigstartar, eller det ein har til overs etter mating

250 g sikta spelt

2 egg

2 ss sukker, eg brukte rårørsukker

1 ts kardemomme

1 ts vaniljesukker eller vaniljepulver

1,5 dl rømme, eg brukte laktosefri rømme

1,25 dl valfri mjølk, eg brukte havremjølk

1 ts bakepulver

 

Ha vatn, surdeigstartar og sikta spelt i ein bolle og bland godt saman til ei klissete deig. Dekk til bollen og la det stå i romtemperatur i rundt 6-10 timar, eg brukar å la det stå i 8 timar. Alternativt kan ein la det stå i romtemperatur i eit par timar og så sette det i kjøleskapet til det passar å steikje vaflane. Røra vert surare dess lenger ho står.

Bland så inn dei andre ingrediensane og rør godt saman. Røra kan virke litt tjukk og seig i starten men ho vert meir rennande etter nokre minutt. Steik vaflane med ein gong og ha dei over på rist. Serverast nysteikte.

 

Alternativ
  • Spelt kan sjølvsagt bytast ut med kveitemjøl
  • Ein kan nytte vanleg kvitt sukker, brunt sukker, lønnesirup eller andre typar søtt.
  • For laktosefrie vaflar kan ein nytte laktosefri rømme og mjølk.
  • For grovare vaflar kan ein erstatte sikta spelt med litt sammalen spelt eller havregryn i røra.
  • Tykkjer du at vaflane vert for syrlege kan du ha i ei halv teskei natron.
  • Ein treng ikkje bruke måla heilt nøyaktig og bruke det ein har i skuffer og skap av mjøl og mjølkeprodukt. Då kan ein heller halde litt att på væskemengda og justere til passe vaffelrøre rett før steikjing.
  • Ein kan bruke meir surdeigstartar enn det som står i oppskrifta. Då kan ein korte ned tida i romtemperatur eller det i kjøleskapet for å unngå at smaken vert altfor syrleg.

 

Tips
  • Surdeigsvaflane er best nysteikte, men kan friskast opp att nokre minutt i vaffeljernet eller i steikjeomnen.
  • Fyll vaffelplata med salt pålegg som ost og skinke eller smøreost og spekeskinke.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *