
Sylta raudlauk med julekrydder
Sylta raudlauk med julekrydder passar godt til dei måltida kor ein har litt ulike påleggsvariantar eller til juleskinka. Det er nydeleg attåt leverpostei eller roastbeef også. Sidan sylta raudlauk held seg i vekesvis i kjøleskapet er det noko ein kan lage ferdig i god tid før jul.
Eg har teke utgangspunkt i den vanlege oppskrifta mi på sylta raudlauk og puttar oppi dei kryddera eg likar best eller som passar til det eg skal servere det til.
Ingrediensar til eit glas som tek rundt eit liter
3 middels store raudlaukar
1 dl eddik, eg brukte eplecidereddik
2 dl sukker, eg brukte rårørsukker
3 dl vatn
4 nellikspiker
1 stjerneanis
4 skiver fersk ingefær
1/2 kanelstang
Del raudlauken i tynne skiver. Bland saman eddik, sukker, vatn og krydder i ei kasserolle og la det koke opp. Rør til sukkeret er løyst opp og ha i raudlauken. Gje alt saman eit oppkok og ta kasserolla av varmen. Set til avkjøling. Når det er nede i romtemperatur så ha blandinga over på eit stort glas eller fleire små glas med tett lok. Sett glaset i kjøleskapet og la det stå og trekkje i eit par dagar. Dersom du kjenner at kryddersmaken etter kvart vert for sterk kan du fiske dei ut.
Alternativ
- Kryddera kan bytast ut med andre krydder etter kva du har i huset eller likar. Til dømes laurbærblad, allehåndefrø eller heile peparkorn.
- Om du ynskjer ein mindre søt variant kan du halvere sukkermengda.
Tips
- Sylta raudlauk med julekrydder er fint å bruke som etande julegåve. Bruk gjerne eit dekorativt glas, legg eit liten lommeduk eller klipp til eit tøystykke som du legg over loket og knyt fast med eit band rundt kanten.


