Sylta raudlauk

Sylta raudlauk

Det er superenkelt å lage sylta raudlauk og det er utruleg godt. For å få vekk litt av den skarpe lauksmaken så er det lurt å la raudlauken få eit oppkok i væska. Då vert han søt og mild.

Sylta raudlauk må ikkje forvekslast med fermentert raudlauk som eg har laga tidlegare. Det smakar heilt ulikt og eg må nok seie at min favoritt er den sylta fordi den er mildare og dermed passar å ha attåt alt frå fisk, grønsaker og kjøt.

 

Ingrediensar til eit glas som tek rundt ein liter

3 middels store raudlaukar

1 dl eddik, eg brukte eplecidereddik

2 dl sukker, eg brukte rårørsukker

3 dl vatn

 

Del raudlauken i tynne skiver. Bland saman eddik, sukker og vatn i ei kasserolle og la det koke opp.  Rør til sukkeret er løyst opp og ha i raudlauken. Gje alt saman eit oppkok og ta kasserolla av varmen. Set til avkjøling. Når det er nede i romtemperatur så ha blandinga over på eit stort glas eller fleir små glas med tett lok. Sett glaset i kjøleskapet og la det stå og trekkje eit par dagar. Sylta raudlauk held seg nokre månadar i kjøleskapet.

 

Alternativ
  • Ein kan nytte ulike typar eddik. Eplecidereddik, vanleg 7 % eller ein type med smak som bringebæreddik.
  • Sukkeret kan bytast ut med kokosblomstsukker, lønnesirup, sukrin eller andre typar søtt. Då kan det vere lurt å smake seg fram til det er passe søtt etter din gane.
  • For ulike smak kan ein ha i ulike krydder. For eksempel 5 skiver fersk ingefær, laurbærblad eller ein stjerneanis.

 

Tips
  • Sylta raudlauk er nydeleg til spekemat.
  • Ha litt sylta raudlauk til leverpostei, salat, taco, wraps eller burger.
  • Gje vekk eit glas sylta raudlauk i gåve.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *