Tebriks med surdeig

Nydelege tebriks med surdeig som er sprø på utsida og mjuke på innsida. Dei går unna her i huset og er spesielt gode når dei er nysteikte med smør og kvitost på.

Tebriks eller tebirkes som det kallast i Danmark kan likne litt på ei blanding mellom rundstykke og croissant. Men her slepp ein unna med å kjevle deiga berre ein gong.

 

Ingrediensar til 22-24 stykk

950 g sikta spelt eller kveitemjøl, eg brukte spelt

100 g smør i terningar

5 dl kaldt vatn eller kald mjølk, eg brukte vatn

100 g surdeigstartar

1 egg

2 ts salt

2 ts sukker

 

80 g smelta smør til fyll

Litt sikta mjøl til utbaking

Evt egg til pensling og valmuefrø til å drysse på toppen

 

Ha mjøl og smør i ein bakebolle og smuldre smøret ut i mjølet med fingrane. Ha i salt og sukker. Rør ut surdeigstartaren og egget i væska. Tøm det over i bakebollen og arbeid det lett saman til ei smidig deig. Dekk til bakebollen og sett til heving i romtemperatur i 2-3 timar, eg lot det stå i 2,5 time. Sett deiga til vidare heving i kjøleskapet til dagen etter, eller la deiga heve vidare i romtemperatur i 3-4 timar til. Sett i så fall deiga i kjøleskapet ein times tid før utbaking sidan det er enklare å kjevle ut når deiga er kald. Eg lot det stå i kjøleskapet i rundt 16 timar før utbaking.

Smelt smøret og sett det til avkjøling. Ha litt mjøl på benken og over deiga. Kjevle ut til ein avlang leiv på rundt 75 cm x 25 cm. Måla er ikkje veldig nøye for resultatet så du treng ikkje vere veldig nøyaktig. Eg har ganske liten kjøkkenbenk og måtte dele deiga i to. Bruk ein bakepensel og bre utover det smelta smøret tynt utover på 2/3 på langstida av leiven. Pass på at det ikkje vert altfor tjukt for då renn berre smøret ut.

Brett deiga i tre delar på langs med den usmurde delen fyrst inn. Del opp i rundt 4 cm breie bitar eller på skrå slik at det vert trekanta snippar. Sett dei på eit steikebrett med bakepapir med skøyten ned og etterhev i 1-2 timar, eg lot det stå i 1,5 timar.

Pensle med egg og strø eventuelt på valmuefrø.

Steikast midt i omnen på 230 grader i rundt 15 minutt til dei er gyldne. Avkjølast litt på rist før servering.

 

Alternativ
  • For mjølkefrie tebriks kan ein bruke mjølkefritt margarin. Om det er utan salt så ha i ei ekstra teskei med salt.
  • Sukkeret kan sløyfast om ein ynskjer det.

 

Tips
  • Server tebriks med surdeig attåt salat eller suppe.
  • Tebriksa kan frysast og vert som nysteikte ved å tine dei på 160 grader i omnen.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *