Tenester
Snart vil det vere mogeleg å kome til kontoret mitt i Drammen (Nedre Storgate 43). Dette vil bli lagt inn i timekalendaren i løpet av november.
Kosthaldsrettleiing
Ynskjer du hjelp til å sjå på kosthaldet ditt og få tips til kva grep du kan gjere for å finne ein livsstil som fungerer for deg? Filosofien min er at om ein har ein god grunnmur i kosten bør det vere rom for det meste. Likevel er vi ulike og derfor kan noko kan passe for ein person ikkje nødvendigvis vere vegen å gå for ein annan.
Her får du ein grundig gjennomgong og individuelle råd om kva du kan gjere for å ha eit godt kosthald som passar for deg og din situasjon. Små justeringar kan vere alt som skal til. For det er visst slik i følge Pareto-prinsippet at 80 % av resultata kjem frå 20 % av innsatsen og då kan det vere lurt å finne ut kor akkurat du bør starte.
Hovudfokuset er råvarebasert kost og å passe på at fordøyinga fungerer skikkeleg sidan at det er essensielt for å ha ein sunn og velfungerande kropp.
Eg har i tillegg til kostholdsveilederutdanning frå Tunsberg Medisinske Skole, etterpå teke spesialisering i matintoleranse, fordøyinga og tarmsjukdom, og balansering av feittsyrer for å styrke kompetansen min innan dei felta.
Healing
Ordet healing tyder å gjere heil. Kva ein legg i det kan nok vere ulikt, men for meg handlar det om å skape rom for å vere heile seg, og å kome i balanse i kropp, sjel og sinn. Det kan også handle om å komme betre i kontakt med seg sjølv og eigen intuisjon slik at ein gjer gode val i livet.
Det er litt vanskeleg å forklare kva som faktisk skjer under healing. Men for å seie det enkelt så koblar eg meg til ei universell kraft, healingkrafta, og formidlar denne vidare som ein kanal. Denne typen energiarbeid kan stimulere til sjølvhelbreding eller bistå i tilfriskningsprosessar. Det kan vere innanfor det fysiske, emosjonelle eller det åndelege. Det er ikkje behandling av sjukdom eller symptomar.
Det er veldig individuelt kva den enkelte opplever i samband med healing. Nokon seier at dei etterpå kjenner meir på indre ro og avslapping. Andre opplever å få meir energi. Enkelte kjenner mykje både før, under og etter, og andre merkar absolutt ingenting.
Sjølve timen føregår digitalt og vi møtest til ein liten videosamtale fyrst. Eigentleg treng eg ikkje å vite så mykje i forkant, men om det er noko spesielt som du ynskjer at vi skal fokusere å så kan du seie frå om det. Det er fint om du har ein plass kor du legge deg ned og slappe av medan eg guidar deg gjennom sjølve healinga. Som oftast fortel eg undervegs kva eg får fram av informasjon. Vi avrundar med ein kort prat for å oppsummere og lande litt før vi avsluttar timen.
Det er også mogeleg å velje fjernhealing via telefon dersom du ikkje ynskjer videosamtale.
Eg har teke kursa Healing Intelligence 1 og 2 hos Torunn Anthonsen, og kurset Vekk din intuitive healer som Torunn har saman med Susanne Ertsland Askvik. I tillegg har eg Naturmedisinsk grunnutdanning frå Tunsberg medisinske skole.
Praktisk informasjon
Om du ynskjer å sette opp avtale hos meg så gjer du det sjølv i timekalendaren. Her må du opprette ein brukar fyrste gongen og du kan seinare logge inn og endre, avlyse eller sette opp nye avtalar.
Samtlege avtalar føregår digitalt via videomøteprogrammet Zoom. Du får ein eigen e-post rett i forkant av timen med ei lenke som du klikkar på for å kome inn i det virituelle venterommet. Du kan bruke enten mobil, nettbrett eller datamaskin. Pass på at du har mikrofon og kamera skrudd på.
Betaling kan gjerast etter timen enten via Vipps til nummer 37536 eller du kan få faktura tilsendt på e-post.
Har du spørsmål så kan du sende meg ein e-post til sunniva@solgava.no
NB! Mine tenester erstattar ikkje hjelp frå helsevesenet og eg oppmodar alle til å oppsøke lege ved teikn på sjukdom.