
Tiramisu
Det finst utruleg mange ulike oppskrifter på tiramisu. Mi oppskrift vart til etter eit besøk i Venezia der vi fekk den beste tiramisuen vi har smakt. Så då vi kom heim var det berre å sette i gong med å prøve å gjenskape smaken. No er det vanleg å ha i litt Marsala men den opprinnelege oppskrifta var utan alkohol og eg likar den varianten best.
Den største utfordringa med å lage tiramisu er å vere rask på labben når ein dyppar kjeksa i kaffien. Dersom ein let dei trekkje for lenge så vert fort heile desserten veldig blaut. Det er betre å lage han litt for tørr og så la desserten stå og godgjere seg i kjøleskapet til dagen etter.
Det er mogeleg å lage tiramisu utan gluten, laktose eller mjølk om ein treng det. Tips til korleis ein gjer dette står nederst i innlegget.
Ingrediensar
24 stk savoiardikjeks (ladyfingers)
1,5 dl espresso eller sterk kaffi, avkjølt
3 egg
1 dl sukker, eg brukte rårørsukker
250 g mascarpone (kremost)
2 dl kremfløyte
30 g mørk sjokolade
Ein treng 3 skåler til å piske i. Hugs å vaske vispane grundig mellom kvar gong slik at det ikkje kjem med feitt frå førre pisking for då kan ein risikere at det ikkje vert stivt.
Skilj eggeplommer og eggekviter i kvar si skål. Pisk plommene og sukker med ein miksar til blandinga vert luftig og lys i fargen. Miks inn marcarponeosten. Pisk fløyten til krem og vend den inn. Pisk eggekvitene stive (pass på at bolle og visp er heilt reine) og vend forsiktig inn i kremen.
Ha kaffien i ei skål. Bruk halvparten av kjeksa fyrst og dypp botnen på kvart kjeks raskt i kaffien. Legg dei i to rekker på eit kakefat, ei djup form eller i ei lang rekke på eit avlangt fat. Bre rundt halvparten av ostekremen over kjeksa og legg et nytt lag med kjeks dyppa i kaffi. Legg på resten av kremen og fordel jamnt utover. Riv sjokoladen fint på eit rivjern og dryss jamnt utover toppen.
Set tiramisuen i kjøleskapet i minst 6 timar, men helst til dagen etter.
Alternativ
- Ha gjerne ei eller to teskeier Marsala som er ein italiensk sterkvin oppi saman med kaffien, eventuelt i kremen. Ein kan også bruke rom.
- For glutenfri variant så kan ein få tak i glutenfrie ladyfingers. Eg har funne desse variantane: glutenfri fingerkjeks, glutenfrie savoiardikjeks eller glutenfrie tiramisukjeks. Ein kan også bake kjeksa sjølv. Det finst fleire oppskrifter på nettet som ein kan prøve.
- Tiramisuen kan lagast laktosefri ved å bruke laktosefri kremfløyte, lakosefri sjokolade og laktosefri mascarpone eller laktosefri kremost naturell (f.eks Philadelphia). Begge deler kan ein finne i daglegvarebutikkar med godt utval.
- Ein kan lage mjølkefri tiramisu ved å bruke plantebasert piskbar fløyte (f.eks Gryr), mjølkefri sjokolade (f.eks coop sin mørke kokesjokolade) og kremost utan mjølk (f.eks Violife eller Go Vegan smøre). Desse produkta finn ein i daglegvarebutikkar med godt utval, i helsekost eller ein kan kjøpe på nett. Eit tips til å få plantebasert fløyte skikkeleg stiv er forresten å ha i nokre sitrondråpar før ein piskar kremen.
- Riven sjokolade kan bytast ut med kakaopulver.
Tips
- Desserten kan lagast både på kakefat, i ei skål, eldfast form eller i porsjonsskåler.
- Pynt gjerne med litt friske bringebær.
- Det går an å legge ei lita stripe med krem på fatet før ein startar å legge på kjeks. Då slepp ein at dei flyttar seg rundt når ein skal legge på kremen.