Tomatsild

Tomatsild

Eg har slutta å kjøpe ferdig tomatsild etter eg prøvde denne oppskrifta. Det er rett og slett ingen som kan måle seg smaksmessig. Eg kjøper stort sett den store blå boksen med Carlo kryddersildfilet som er ferdig utvatna og lagar ulike sildevariantar. Eventuelt vert det ein kjempeporsjon med tomatsild om eg skal gje vekk nokre glas i gåve eller ha mykje besøk. Tomatsild høyrer med til julefrukosten eller på kaldtbordet. Dette er ei ganske stor oppskrift og kan godt halverast om du ikkje skal servere til mange.

 

Ingrediensar til eit noregsglas på 1 liter

6 store filetar av kryddersild

1 raudlauk

2 stilkar frisk dill

 

Tomatsaus:

0,5 dl nøytral olje

100 g tomatpuré

2,5 dl sukker, eg brukte rårørsukker

0,75 dl vatn

1,25 dl eddik, eg brukte eplecidereddik.

ca. 0,5 ts grovmalen pepar

 

Varm oljen i ei kasserolle. Rør inn tomatpuré og kok opp. Ta kasserolla av plata, ha i sukker og rør til det smeltar. Avkjøl og rør inn vatn og eddik. Smak til med pepar.

Skylj sildefiletane i kaldt vatn og kutt i bitar (smak om silda er for salt, i så fall må den ligge litt i vatn). Del raudlauken i tynne skiver og hakk dillen grovt. Legg sild, lauk og dill lagvis i eit glas eller krukke som rommar minst ein liter. Hell over tomatsausen og ha på tett lok.

Tomatsilda bør stå og trekkje i minst eit døgn i kjøleskap før servering.

 

Alternativ
  • Raudlauken kan bytast ut med andre typar lauk som sjalottlauk, purre eller vårlauk.
  • Sukkeret kan bytast ut med lønnesirup, kokossukker eller annan type søtt.
  • For sukkerfri variant kan ein nytte sukrinmelis, tagatesse eller liknande søtning. Då er det lurt å ta i litt mindre og så smake seg fram.
  • Kryddersilda kan vere av ulik type. Ein finn det i frysedisken, på boks og på glas. Dei er ofte veldig ulike i saltsmak så det er lurt å smake på ein bit og sjekke om ein må vatne silda i nokre timar.
  • Ein kan droppe raudlauken og heller doble mengda frisk dill om ein ikkje vil ha lauk.
Tips
  • Silda held seg i kjøleskapet i rundt 2 veker og kan derfor lagast på førehand.
  • Tomatsild er ein fin ting å gje vekk i gåve.
  • Dersom silda går unna så går det an å etterfylle med sild. Då bør den ikkje vere for salt sidan det alt har kome ein del salt i laken frå den fyrste silda som låg i sausen.

2 kommentarar

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *