
Tortilla de patatas – spansk bondeomelett bakt i omnen
Ein ganske lettvint måte å lage middag til mange på, er å lage bondeomelett bakt i omnen. Dette er oppskrifta på ein spansk variant som heiter tortilla de patatas og eigentleg berre tyder at det er omelett med potet. Det er sjølvsagt mogeleg å ha det meste i ein slik rett og det er ein fin måte å bruke opp restar av det ein måtte ha i kjøleskapet. Det er heller ikkje naudsynt å bruke nøyaktige mål på ingrediensane. Omeletten er god både varm og kald og eignar seg derfor også på kaldtbord eller som ein tapasrett.
Oppskrifta er naturleg glutenfri og kan gjerast mjølkefri ved å bruke mjølkefrie produkt som står skildra lenger ned.
Ingrediensar til ei langpanne på rundt 20 x 25 cm
550 g kokte poteter i terningar
50 g vårlauk (8 stk) i tynne ringar.
Eit fedd kvitlauk, finhakka
200 g chorizopølse i terningar
8 egg
150 g creme fraiche
150 g riven parmesan
2 ts salt (smak til)
100 g fetaost i små terningar
Smør til steikjing og smøring av forma
Kle ei lita langpanne med aluminiumsfolie og pensle folien med smør. Ein kan også berre pensle forma men då vert det litt vanskelegare å få omeletten ut.
Fres chorizo, kvitlauk og vårlauk i ei steikjepanne med litt olje eller smør. Steik til vårløken er vorten mjuk. Ha i potetbitane sånn at dei får litt lunk og smakane får blanda seg. Krydre med litt salt og pepper etter smak. Tøm blandinga over i forma og fordel det jamnt utover.
Pisk egg, creme fraiche og parmesan saman i ein bolle. Smak til med salt.
Tøm eggeblandinga over i forma og glatt til overflata. Strø fetaost på toppen.
Steikjast på 190 grader midt i omnen i omkring 40 minutt, eller til overflata er byrja å bli brun og fyllet har sett seg i midten. Avkjøl på rist til omeletten har fått sett seg litt til. Løsne rundt kantane med ein steikjespade og ta vekk folien. Del opp i passe serveringsstykkjer når omeletten er vorten kald nok til det.
Alternativ
- Chorizopølse kan bytast ut med bitar av andre sortar pølse, bacon, steikt kylling, spekemat, laks eller sopp.
- Parmesan og fetasost kan bytast ut med andre ostesortar.
- For mjølkefri variant kan ein byte ut creme fraiche med plantebasert fløyte, eg har brukt Gryr, og nokre dråpar sitron, fetaost med vegansk fetaost (t.d. Coop sin vegetardag) og parmesan med vegansk parmesan (t.d. Violife) eller annan vegansk ost, eller så kan ein sløyfe osten.
- Skal det vere laktosefritt kan ein nytte laktosefri creme fraiche og laktosefri fetaost. Parmesan er naturleg utan laktose så den treng ein ikkje byte ut.
- Har du dårleg tid så kan du droppe å frese ingrediensane og ha dei rett i forma. Då kan det hende at steikjetida vert noko lenger.
Tips
- Kald bondeomelett bakt i omnen er perfekt å ha som niste. Del gjerne omeletten i bitar sånn at det er enkelt å ete med fingrane eller ein gaffel.
- Server gjerne med focaccia og salat attåt.