
Vaflar utan egg, mjølk og gluten
Vaflar utan egg, mjølk og gluten er ikkje heilt enkelt å få til. Eg har prøvd ein heil haug med oppskrifter utan å verte heilt nøgd. Eit av forsøka gjekk til og med så skeis at den fyrste vaffelen sat bom fast i jernet. Det var heilt umogeleg å få det laust og til slutt enda eg faktisk opp med kaste heile vaffeljernet. Men her kjem ei oppskrift på vaflar utan egg, mjølk og gluten som løsnar enkelt i jernet og smakar som heilt vanlege vaflar.
Husk at om du skal servere vaflar til nokon med cøliaki så bør vaffeljernet kun vere brukt til glutenfrie vaflar , eller i det minste ha steikt opp nokre glutenfrie vaflar fyrst som ikkje vert servert til den som ikkje kan ha gluten. Elles kan det vere att restar av gluten i jernet som kan skape reaksjon.
Ingrediensar til 8 store plater
350 g Toro lys glutenfri mjølblanding
2 ts bakepulver
2 ss sukker, eg brukte kokossukker
2 ts vaniljesukker
1 ts kardemomme
6 dl valfri mjølk, eg brukte glutenfri havremjølk
180 g flytande margarin eller smelta mjølkefritt smør
1 ts salt om det ikkje er salt i smøret eller margarinen
Rør alt godt saman til ei tjukk røre og la ho svelle i rundt ein halvtime. Tykkjer du vaflane vert litt i tjukkaste laget så kan du spe med litt meir mjølk, men røra er mykje tjukkare enn vanleg vaffelrøre.
Steik i vaffeljern og legg på rist. Dei er best nysteikte men kan friskast opp ved å ha dei bittelitt i vaffeljernet eller brødristaren.
Alternativ
- Ein kan nytte anna glutenfritt mjøl men det kan vere lurt å prøve seg litt fram sidan det er litt ulike eigenskapar frå sort til sort.
- Om det ikkje treng å vere mjølkefritt så gir vanleg meierismør ein ekstra god smak.
- Ein kan bruke alle typar sukker som kvitt sukker, rårørsukker eller sukrin gold.
- Om ein brukar ein mjølkevariant som er tilsett sukker så kan det vere lurt å redusere sukkermengda litt.
Tips
- Vaflane vert tørre etter nokre timar så det er lurt å fryse det ein ikkje et opp og heller tine dei oppatt, for eksempel på rist i steikjeomnen eller i vaffeljernet.
- Server vaflane med bær og is.
- Det er ei gruppe på Facebook for oppskrifter utan egg, mjølk og gluten.